Enebakk Kyrkje: Kyrkje i Enebakk i Akershus

Enebakk kyrkje er ei langkyrkje i Enebakk kommune i Akershus fylke.

Enebakk kyrkje
kyrkje
Enebakk Kyrkje: Kyrkje i Enebakk i Akershus
Foto: Torstein Furnes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Nordre Follo
Sokn Enebakk
Fellesråd Enebakk
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 12. mars, kanskje i 1104
 - Vigd til Botolv
 - Endringar M.a. 1200-talet, 1520, 1608, 1622, 1660-åra, 1694, 1760, 1964–66, 2009–10
Takryttar I vest, truleg ca. 1520
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1660-åra, skore av Rasmus Gan og Haldvor Tobbel, medan Christopher Ridder skal ha gjort bilethoggararbeidet.
Døypefont Kleberstein, 1100-talet. Himling 1713, truleg av Nicolai Borg.
Altartavle Katekismetavle 1608, utvida 1667, truleg av Christopher Ridder, måla av Jørgen Schult; seinare staffert 1713 og 1760; fekk nye farger 1907, restaurert 1966
Sitjeplassar 320
Diverse Krusifiks over koropning ca. 1200. Enebakkmadonnaen (ca. 1250) er i Kulturhistorisk museum, med kopi i kyrkja. Kalkmåleri på veggene inne i kyrkja. Kyrkjebenkane frå 1634 går for å vere dei eldste i landet i vanleg bruk.

Enebakk kyrkje
59°45′43″N 11°08′48″E / 59.76184167°N 11.14664722°E / 59.76184167; 11.14664722
Wiki Commons: Enebakk kirke

Denne steinkyrkja er frå mellomalderen, kanskje frå 1104 (900-årsjubileum vart feira i 2004). Ho vart vigsla den 12. mars og var i si tid vigd til den heilage Botolv. Kyrkja fekk vesttårn ca. 1300. Under ei omfattande vøling tidleg på 1500-talet vart delar av tårnet rive og tårnfoten lagt under tak. Oppå dette vart det oppført ein takryttar. Han vart fornya i 1622 og restaurert i 2009–10.

Trass i dette og nokre andre endringar er kyrkja framleis mykje prega av seinmellomalderen. Ho har òg ein god del gamalt inventar, om enn frå etter reformasjonen. Mellom anna er kyrkja kjent for å ha dei eldste kyrkjebenkene i Noreg som framleis er i vanleg bruk (frå 1634).

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Tags:

Akershus fylkeEnebakk kommuneLangkyrkje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DiktVätternHarriet BackerAsbjørnsen og MoeTørkeOrganistAdolf HitlerAnagramCyanSandy DennyØGitarforsterkar1300-taletHilde LyrånGrunnstoffet tinnSamleieHákarlNeville ChamberlainNordsamiskKoboltTarasåsenVestleg kampkunstBo WiderbergSamarDemi LovatoTysklandAnita O'DayDrinfossenNorsk folkedansStrilamålPogóniOksygenURLBill ChamplinKvikksølvDaniel RadcliffeNasjonalrettNile RodgersBærum SportsklubbHTMLFlåklypa Grand Prix2002Kjell HovdaVictoria av StorbritanniaOrbitalKjemiBergen kommuneGraham NashNasjonaldagMicrosoft WindowsHank LocklinMBieJean-Claude JunckerAmasoneSilkehegre2016HannoverEnrico CarusoProduksjonDet osmanske riketNasjonaldraktGåsJordaSouth LanarkshireThomas JeffersonElizabeth II av StorbritanniaPilAnatolij FirsovDen gamle verdaBook of KellsTriasRSSBarry HayColombiaJerusalem🡆 More