Königsberg var før 1946 namnet på byen Kaliningrad, ein hamneby ved Austersjøen.
Königsberg vart grunnlagd i 1255 av den tyske riddarorden, då dei hærtok Preussen. Byen var hovudstad i provinsen Austpreussen i Tyskland, og i det tidlegare hertugdømet Preussen. Byen var ein gamal tysk hansaby. Ved slutten av andre verdskrig vart byen okkupert av Sovjetunionen. Byen vart i 1946 omdøypt til «Kaliningrad», etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. I dag er Kaliningrad oblast ein russisk enklave mellom Polen og Litauen. I byen krona Fredrik I seg sjølv til den fyrste kongen av Prøysen, og kong Vilhelm I av Prøysen vart òg krona der.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Königsberg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.