Judith Weir CBE (fødd 11.
mai">11. mai 1954) er ein britisk komponist og den fyrste kvinnelege Master of the Queen's Music.
Judith Weir | |||
Fødd | 11. mai 1954 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cambridge | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | obo | ||
Verka som | komponist, musikkforskar, oboist, musikkpedagog, librettist | ||
Prisar | kommandør i den britiske imperieorden, Stoeger Prize, The Queen's Medal for Music, kommandør av Order of the British Empire |
Weir var fødd i Cambridge i England, med skotske foreldre. Ho studerte under John Tavener ved North London Collegiate School, og deretter under Robin Holloway ved King's College, Cambridge, som ho gjekk ut frå i 1976. Musikken hennar byggjer ofte på kjelder frå mellomalderen og frå tradisjonelle soger og musikk frå heimlandet til foreldra, Skottland. Sjølv om ho har oppnådd internasjonal anerkjenning for orkester- og kammerverka sine, er Weir best kjend for operaene og teaterverka sine. Frå 1995 til 2000 var ho kunstnarisk leiar for Spitalfields Festival i London. Ho hadde stillinga Composer in Association for City of Birmingham Symphony Orchestra frå 1995 til 1998. Ho blei tildelt Lincoln Center sin Stoeger Prize i 1997, South Bank Show sin musikkpris i 2001 og ISM sin Distinguished Musician Award i 2010. I 2007 var ho den tredje vinnaren av Queen's Medal for Music. Ho var Visiting Distinguished Research Professor in Composition ved Cardiff University frå 2006 til 2009.
I 2005 blei Weir utnemnd til CBE for bidrag til musikk. I 2014 blei ho utnemnd til Master of the Queen's Music etter Peter Maxwell Davies. I mai 2015 vann Weir The Ivors Classical Music Award ved Ivor Novello Awards.
Weir er medlem av Incorporated Society of Musicians. I 2018 blei ho vald som Honorary Fellow av Royal Society of Edinburgh.
Musikkspråket til Weir er noks konservativt, med det som er skildra som «knack of making simple musical ideas appear freshly mysterious.» Det fyrste bestillingsverket hennar, King Harald's Saga frå 1979, byggjer på Heimskringla og slaget ved Stamford bru, og er eit monodrama utan akkompagnement. Det fyrste sceneverket henna, The Black Spider, var ein opera i ei akt som hadde premiere i Canterbury i 1985 og bygde laust på kortromanen av same namn av Jeremias Gotthelf. Ho har seinare skrive ein annan «mikro-opera», tre operaer i full lengd og ein opera for fjernsyn. I 1987 hadde den fyrste halvlange operaen hennar, A Night at the Chinese Opera, premiere ved Kent Opera. Deretter følgde tre operaer i full lengd - The Vanishing Bridegroom (1990), Blond Eckbert (1994), som var bestil av English National Opera, og Miss Fortune (Achterbahn) (2011). I 2005 hadde fjernsynsoperaen hennar Armida premiere på den britiske fjernsynskanalen Channel Four. Verket var laga i samarbeid med Margaret Williams. Weir sine bestillingsverk omfattar mellom anna woman.life.song (2000) for Jessye Norman og We are Shadows (1999) for Simon Rattle. I januar 2008 var Weir fokus for BBC si årlege komponinsthelg ved Barbican Centre i London. Det fire dagar lange programmet enda med ei urframføring av det nye bestillingsverket hennar CONCRETE, ein kormotett. Verket var inspirert av sjølve Barbican-bygningen, ein modernistisk sementbygning. Ho skildra det som «an imaginary excavation of the Barbican Centre, burrowing through 2,500 years of historical rubble».
Den fyrste offentlege framføringa av Weir sitt arrangement av den britiske nasjonalsongen, «God Save the Queen», blei framført ved nygravlegginga av kong Rikard III ved domkyrkja i Leicester den 26. mars 2015.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Judith Weir, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.