Juan Manuel Asensi Ripoll (fødd 23.
september">23. september 1949) er ein spansk tidlegare fotballspelar frå Alicante. Han er best kjend frå sine ti år som offensiv midtbanespelar i FC Barcelona, ein klubb han vann både den nasjonale cupen og serien med, samt cupvinnarcupen 1979.
Juan Manuel Asensi | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 23. september 1949 (74 år) Alicante |
Idrett | fotball |
Tok del i |
Asensi fekk sitt gjennombrot med den dåverande Primera División-klubben Elche CF, der han var aktiv frå 1967. Tiårsperioden 1970-80 spelte han for FC Barcelona. Asensi var ein av dei sentrale spelarane då klubben vart seriemeister i 1974, for fyrste gong på 14 år. Fem år seinare skåra han det andre målet då Barcelona vann finalen i cupvinnarcupen 1979 med 4-3 mot Fortuna Düsseldorf, ein kamp som gjekk til ekstraomgangar. Asensi var Barcelona-spelar til seinhaustes 1980. Etter å ha fått lite speletid i det spanske storlaget, reiste han til Mexico. Han avslutta så med spel for dei meksikanske klubbane Puebla FC og CF Oaxtepec i åra fram til 1983.
Asensi fekk sin landslagsdebut i februar 1969 og skåra då Spania tapte 1-2 mot Belgia i ein VM-kvalifiseringskamp. Asensi var kaptein for det spanske landslaget som deltok i VM i fotball 1978, der han i Buenos Aires vart matchvinnar då Spania vann 1–0 over Sverige i gruppespelet, men til inga nytte ettersom begge laga rauk ut or meisterskapen. Asensi var kaptein også under Fotball-EM 1980. Her spelte han sin 49. og siste landskamp, ein kamp som enda med 2-1 til Belgia. Asensi skåra 7 mål for Spania.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Juan Manuel Asensi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.