Jordskjelvet i Sendai var eit jordskjelv i Japan den 11.
mars">11. mars 2011 130 kilometer aust for byen Sendai på den nordaustre kysten av Japan mot Stillehavet. Skjelvet målte 8,9 på Richterskalaen, og var det kraftigaste skjelvet i japansk historie, og det femte største registrerte skjelvet i heile verda nokon gong. Jordskjelvet utløyste ein tsunami som resulterte i store øydeleggingar ved kysten av Japan. Etter det store skjelvet kom det òg eit etterskjelv på 6,6 på Richterskalaen.
Tsunamien førte til store tap av menneskeliv og eigedom. Eit atomkraftverk i Fukushima på kysten av Japan vart òg ramma av tsunamien. På natta etter norsk tid, skjedde det ein eksplosjon i kraftverket. Ein liten tsunami trefte òg California i USA, men ingen vart bekrefta drepne. Mykje av grunnen til dette var at den amerikanske regjeringa hadde evakuert mange menneske frå dei råka områda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jordskjelvet i Sendai 11. mars 2011, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.