Johanne Nylænd (fødd 2.
februar">2. februar 1855 i Rauland, død 9. januar 1930) var ein norsk vevar og plantefargingsekspert som skreiv handboka Norske plantefargar.
Johanne Nylænd | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 2. februar 1855 Kjellingtveit i Rauland |
Død | 9. januar 1930 (74 år) |
Yrke | Vevar og lærar i veving |
Tema | Plantefarging |
Debut | Norske plantefargar |
Nylænd var fødd på garden Kjellingtveit i Rauland. Som ung laut ho ut i teneste og fekk ikkje byrja å lære seg åkleveving før ho var 28 år gamal. Det var noko ho lenge hadde ynskt. I 1891 fekk ho pengestøtte til å gå eit seksvekerskurs halde av Norske husflidsvenner i Oslo, og i 1896 var ho i Oslo på kurs att og fekk timar i vevnad, korgmaking, raffia og rottingsarbeid. Attende i Telemark heldt ho vevskule, i Rauland i 1892, i Vinje i 1896 og i Fyresdal i 1899.
Nylænd ynskte å lære seg om plantefarging og fekk støtte til det av Stortinget. Ho reiste rundt og sanka planter og snakka med gamalt folk. I 1904 vart so handboka Norske plantefargar gjeven ut av Rikard Berge. Boka har sidan kome i fleire utgåver og opplag, og er for ein klassikar å rekne.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Johanne Nylænd, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.