Jan-Magnus Bruheim (15.
februar">15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker.
Jan-Magnus Bruheim | |
Jan-Magnus Bruheim i 1961. Foto: Leif Høel. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1914 Skjåk |
Død | 10. august 1988 (74 år) |
Yrke | Forfattar |
Sjanger | dikt, barne- og ungdomslitteratur |
Debut | Stengd dør, dikt, 1941 |
Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.
Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing.
Jan-Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon.
Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.
I 1978 flytte han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, barneboka Den kvite hjorten og diktsamlinga Flo og Fjøre. I 1954 vann han Sunnmørsprisen for Ord gjennom larm. I 1972 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag. Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans.
Bruheim kom attende for godt til Skjåk 1985, da han kjøpte Vyuli frå garden Eide, og busette seg der. Han døydde i heimen sin i 1988.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jan-Magnus Bruheim, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.