Verdsmeisterskapen i ishockey 1958 fann stad på Jordal Amfi i Oslo og gjekk føre seg i dagane frå 28.
februar til 9. mars 1958. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Canada vart verdsmeister etter å ha vunne alle sine sju kampar, framfor Sovjetunionen på sølvplass og med Sverige på bronseplassen. Noregs landslag vart nummer sju.
Canada slo Sovjetunionen 4-2 i kampen som avgjorde gullstriden. Både den kampen og kampen Noreg - Polen, som enda 8-3, vart spelt den 9. mars. Canada sitt mannskap bestod av spelarar frå klubblaget Whitby Dunlop, med venstrevengen Sid Smith som den mest kjende.
Lag | Kampar | Siger | Uavgj. | Tap | Mål | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
Canada | 7 | 7 | 0 | 0 | 82 - 6 | 14 |
Sovjetunionen | 7 | 5 | 1 | 1 | 44 - 15 | 11 |
Sverige | 7 | 5 | 0 | 2 | 46 - 22 | 10 |
Tsjekkoslovakia | 7 | 3 | 2 | 2 | 21 - 21 | 8 |
USA | 7 | 3 | 1 | 3 | 29 - 33 | 7 |
Finland | 7 | 1 | 1 | 5 | 46 - 22 | 3 |
Noreg | 7 | 1 | 0 | 6 | 12 - 44 | 2 |
Polen | 7 | 0 | 1 | 6 | 14 - 65 | 1 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ishockey-VM 1958, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.