Ikkje-Lineært System

Eit ikkje-lineært system er i matematikk eit system som ikkje er lineært, altså eit system som ikkje oppfyller superponeringsprinsippet, eller eit system der utdata ikkje er proporsjonal med inndata.

Mindre teknisk sagt er eit ikkje-lineært system problemstillingar der variabelen eller variablane som skal løysast ikkje kan skrivast som ein lineær kombinasjon av sjølvstendige komponentar. Eit ikkje-homogent system, som er lineært bortsett frå at ein har ein funkasjon av sjølvstendige variablar, er ikkje-lineært i følgje den strenge definisjonen, men slike system vert vanlegvis studert i lag med lineære system, sidan dei kan transformerast til lineære system med fleire variablar.

Ikkje-lineære problemstillingar er til interesse for fysikarar og matematikarar, sidan dei fleste fysiske system i seg sjølv er ikkje-lineære. Ikkje-lineære likningar er vanskelege å løyse og er opphav til interessante fenomen som kaos. Vêret er kjend for å vere ikkje-lineært, og berre små endringar i ein liten del av systemet kan skape kompliserte effektar gjennom heile systemet.

Definisjon

I matematikk er ein lineær funksjon Ikkje-Lineært System  ein som oppfyller følgjande krav:

  • additivitet, Ikkje-Lineært System 
  • homogeneitet, Ikkje-Lineært System 

(Additivitet impliserer homgenitet for alle rasjonale α, og for kontinuerlege funksjonar for alle reelle α. For eit komplekst α følgjer ikkje homgenitet direkte av addivitet.

Ei likning skrive som

    Ikkje-Lineært System 

vert kalla lineær om Ikkje-Lineært System  er ein lineær funksjon (som definert over) og ikkje-lineær elles. Likninga vert kalla homogen om Ikkje-Lineært System .

Definisjonen Ikkje-Lineært System  er særs generell sidan Ikkje-Lineært System  kan vere kva matematisk objekt som helst (tal, vektor, funksjon osv.) og funksjonen Ikkje-Lineært System  kan bokstavleg talt vere alle typar funksjonar, inkludert integrasjon eller differensiering med tilknytte vilkår (som til dømes grensevilkår). Om Ikkje-Lineært System  inneheld differensiering av Ikkje-Lineært System , vil resultatet bli ei differensiallikning.

Ikkje-lineære algebraiske likningar

Generelt kan ikkje-lineære algebraiske problem ofte løysast nøyaktig, og om dei ikkje kan det, så kan dei likevel ofte bli godt forstått gjennom kvalitative eller numeriske analysar. Ta til dømes likninga

    Ikkje-Lineært System 

som kan skrivast som

    Ikkje-Lineært System 

og er ikkje-lineær fordi Ikkje-Lineært System  ikkje oppfyller kravet om additivitet eller homogenitet. (ikkje-lineariteten kjem av Ikkje-Lineært System ). Sjølv om han er ikkje-lineær, kan denne likninga løysast nøyaktig (med hjelp av andregradslikning) og er godt forstått. På den andre sida har ikkje den ikkje-lineære likninga

    Ikkje-Lineært System 

eit nøyaktig svar (sjå kvintisk likning), men kan analyserast kvalitativt og er godt forstått, til dømes gjennom å lage ein grav og undersøke røtene til Ikkje-Lineært System .

Ikkje-lineær rekursjonsforhold

Eit ikkje-lineært rekursjonsforhold definerer ledd som følgjer etter kvarandre i ein sekvens som ein ikkje-lineær funksjon av dei føregåande ledda. Døme på slike er logistisk likning og forhold som definerer forskjellige Hofstadtersekvensar.

Ikkje-lineære differnesiallikningar

Eit system av differensiallikningar er sagt å vere ikkje-lineært om det er ikkje er eit lineært system. Problemstillingar som omfattar ikkje-lineære differensiallikningar er særs varierte og metodane og analysane for å løyse dei er avhengige av problemet som skal løysast. Døme på slike likingar er Navier–Stokes-likningane i væskedynamikk, Lotka–Volterra-likingar i biologi og Black–Scholes-likningane i finans.

Ein av dei største vanskane med ikkje-lineære problem er at det genrelt ikkje er mogeleg å kombinere kjende løysingar inn i nye løysingar. I lineære problem, som tildømes ei gruppe lineært sjølvstendige løysingar, kan løysingane nyttast til å skape generelle løysingar ved hjelp av superponeringsprinsippet. Eit godt døme på dette er den ein-dimensjonale varmetransporte med Dirichlet sine grensevilkår, der løysinga kan skrivast som ein tidsavhengig lineær kombinasjon av sinuskurvar med forskjellige frekvensar. Dette gjer løysinga særs fleksibel. Det er ofte mogeleg å finne fleire særs spefikke løysingar til ikkje-lineære likningar, men sidan superponeringsprinsippet ikkje kan nyttast, kan ein ikkje finne nye løysingar.

Former for ikkje-lineær oppførsel

  • Ubestemtheit - ein kan ikkje føresjå oppførselen til systemet
  • Multistabilitet - systemet skiftar mellom to eller fleire spesielle tilstandar.
  • Aperiodiske svingingar - funksjonar som ikkje repeterer verdiar etter ein periode (òg kjend som kaotiske svingningar eller kaos)

Døme på ikkje-lineære likningar

  • Vekselstraummodell
  • Bellman-likninga for optimal politikk
  • Boltzmann transportlikning
  • Generell relativitet
  • Ginzburg-Landau-likninga
  • Navier-Stokes-likningane i væskedynamikk
  • Korteweg–de Vries-likninga
  • ikkje-lineær optikk
  • ikkje-lineær Schröder-likning
  • Richards-likninga for umetta vasstraum
  • Sine-Gordon-likninga
  • Landau-Lifshitz-likninga
  • Ishimori-likninga
  • Van der Pol-likninga
  • Liénard-likninga
  • Vlasov-likninga

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Ikkje-Lineært System DefinisjonIkkje-Lineært System Ikkje-lineære algebraiske likningarIkkje-Lineært System Ikkje-lineær rekursjonsforholdIkkje-Lineært System Ikkje-lineære differnesiallikningarIkkje-Lineært System Former for ikkje-lineær oppførselIkkje-Lineært System Døme på ikkje-lineære likningarIkkje-Lineært System KjelderIkkje-Lineært System BakgrunnsstoffIkkje-Lineært SystemLineært systemMatematikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FrankrikeMjøsaKvam heradFaryngittDet indiske kastesystemetNaturTrekanthandelItaliaEllen DeGeneresSymbol i hinduismenChristianiaIsaac NewtonValdresAdolf HitlerSamisk kulturBalusterHarry PotterHarry HoleJaroslav SakalaLofotenDet norske flaggetTuonelaAkslaAust-ArjithéaCelina MidelfartTenaza PeakSola kommuneElektronikkSigmund FreudProgrammeringsspråket JavaMoldedialektIngrid Alexandra av NoregPierre-Simon LaplaceNykøbing MorsDen norske språkstridenGarden KatthultCarles PuigdemontGaukMerlionTeknologiFinnøyFriksjonØrland kommuneMiljøproblemJon FosseHurtigrutaSør-PílioBergen kommuneRundeHarriet BackerKjeleelvtindenSamuel MassieLysBaronUSAPilt-OlaTysklandEli Kari GjengedalEØSKjerringa med stavenNM i bryting 1974NasjonalrettKommune2020KallifóniLufttrykkTallerkenRotteMetéora i TríkalaEli Skolmen RygFinding DoryHellerman RocksMaud av NoregListe over primtalKristopher Schau🡆 More