Idrettsforeningen Skarp er eit idrettslag i Tromsø, stifta 30.
juni 1919. Laget er aktivt med i fotball og futsal. Skarp har dei seinare år delteke på nivå tre og fire i seriesystemet. Alfheim stadion er heimebana til Skarp sitt A-lag. Laget spelar i svarte trøyer og strømpar, og kvite bukser.
Den fyrste fotballhallen i Noreg, Skarphallen, vart planlagd og bygt på 1980-talet av IF Skarp. Høge rentekostnader i åra kring 1989/90 førte til at laget måtte selje hallen. I 2009 tok Skarp i bruk ei kunststoffbane på vestsida av Tromsøya, der det seinare vart bygt klubbhus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article IF Skarp, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.