Husarrest er ei form for avstraffing og/eller eit verkemiddel for å avgrensa rørslefridomen til ein person.
I daglegtale vert omgrepet mest brukt om ei form for straff som vert brukt av foreldre mot barn, men det kan òg vera ein formalisert type straff og kontrollmiddel mot kriminelle eller opposisjonelle. Som namnet seier dreiar det seg om ei avgrensing av rørslefridomen, i det personen som er ramma ikkje får lov til å forlata huset han eller ho bur i.
Husarrest har lenge vore brukt som eit middel for å avgrensa høvet til opposisjonelle til å kommunisera med andre. I mellomalderen og renessansen var det eit vanleg verkemiddel som ofte vart brukt av monarkar som ynskte å isolera personar som kunne utgjera ein fare for dei.
I moderne tid vert husarrest brukt av enkelte regime for å isolera opposisjonelle. Det meste kjente dømet er Aung San Suu Kyi, som då partiet hennar vann valet i Burma i 1990 vart sett i mangeårig i husarrest.
I fleire land vert husarrest brukt som eit alternativ til soning i fengsel. Det vert sett på som ei lettare form for soning enn open anstalt, og vert tilbode fange som nærmar seg endt soningstid, og som ikkje vert sett på som å utgjera fare for andre. Ofte vert ein slik husarrest gjennomført med elektronisk fotlenke, noko som medfører at fangen kan røra seg også utanfor huset dersom det er føremålstenleg.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Husarrest, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.