Hertugdømet Slesvig

Hertugdømet Slesvig eller Sønderjylland (tysk Herzogtum Schleswig) var eit dansk hertugdøme i grenseområdet mellom Danmark og Tyskland.

Hertugdømet omfatta eit område mellom elvene Ejderen i sør og Kongeå og Kolding Å i nord. Den siste jarlen av Sønderjylland, Knud Lavard, tok den tyske hertugtittelen for jarledømet sitt.

Innvandring frå sør gjennom mellomalderen fortrengte etter kvart dansk som hovudspråk i Sør-Slesvig, og nedertysk vart meir nytta. Mange kongar av Danmark var samstundes hertug av Slesvig. Såleis var hertugdømet i personalunion med Danmark. Hertugdømet Slesvig høyrde inn under Jyske Lov (seinare formulert på tysk) til innføringa av Preussische Landesgesetz i 1866. Etter den andre slesvigske krigen i 1864 vart styringa av Slesvig teken over av Preussen. Danmark måtte avstå Holstein, Lauenburg og heile hertugdømet Slesvig, slik at den dansk-tyske grensa gjekk ved Kongeå. Etter første verdskrigen var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark, medan Sør-Slesvig vart ein del av Schleswig-Holstein i Tyskland.

Hovudbyen i hertugdømet heiter òg Schleswig (Slesvig).

Sjå òg

Tags:

DanmarkElvHertugJarlKnud LavardKongeåSønderjyllandTyskTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TartanMeter per sekundJanni KjærNazismeGalileo GalileiAbdusamet YigitCharles III av StorbritanniaNasjonalrettAbsoluttverdiWikiDet britiske imperietGöteborgOle Gunnar SolskjærNewcastle upon TyneTrøffelGolden GlobeElisabeth AndreassenNe me quitte pasHotel CaliforniaWikimediaFrederik X av DanmarkNord-Norgesmesterskapet i fotballNord-IrlandÅheimGripOtto JespersenHøgaste fjell i EuropaNicaraguaPanterLouis PasteurMosesFader vår1450LysingHalvdan SvarteTurn under Sommar-OL 1988Den norsk-russiske grensaVictoria av StorbritanniaPumoriNéa MádytosLeif ØstliLiv Grete Skjelbreid28. marsTriesteGrodagenSalmaneTriasOslo kommuneRoger FedererKommunevåpen i NoregSpaniaHervør PálsdóttirAllahu akbarØrsta kommuneLitauenElsa LystadBiologisk familieProtestantismeLahti-renna 1977Påskeegg13. januarVerdas landArve OpsahlLen i SverigeMusculus latissimus dorsiPannemerke i hinduismenAustraliaRonja RøverdatterBaltimore🡆 More