Henry-lova er ei fysisk lov som seier at mengda av ein gass som kan løysast i ei væske ved ein særskild temperatur, er proporsjonal med trykket til gassen (partialtrykk) over væska.
Matematisk kan loven skrivast
der p er partialtrykket til løysinga i gassen over væska, c er konsentrasjonen til løysinga, og kH er ein konstant med dimensjon trykk delt på konsentrasjonen. Konstanten vert kalla Henry-konstanten til lova.
Loven gjeld aldri heilt strengt, men er best oppfylt når konsentrasjonen av den løyste gassen er liten, altså ved låge trykk. Henry-lova blir nytta bl.a til utrekning av væska–til gass-likevekter i prosessar for gassreinsing eller andre system der det er viktig å vita korleis ein komponent fordeler seg mellom ein gassfase og ein væskefase som er i kontakt med kvarandre. Lova vart funnen av den britiske medisinaren og kjemikaren William Henry (1774–1836).
Henrys lov. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Henrys_lov
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Henry-lova, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.