Jonas Helmer Osslund, opphavleg Åslund, (22.
september">22. september 1866–11. juli 1938) var ein svensk målar frå Tuna i Medelpad. Han er særleg kjend for sine verk prega av hans møte med Lapplands fjellmassiv og dei storslåtte villmarksviddene i flammande haustfargar. Desse bileta danna grunnen for Osslund sitt ry som "Norrlands konstnärlige upptäckare".
Helmer Osslund | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 22. september 1866 Tuna församling, Härnösands stift |
Død | 11. juli 1938 (71 år) |
Yrke | kunstmålar, keramikar |
Språk | svensk |
Far | Daniel Aslund |
Helmer Osslund på Commons |
Helmer Åslund fór som ung til USA for å verte ingeniør. Der endra han etternamn til Osslund. 21 år gammal byrja han måle og var tida 1889-94 tilsett som dekoratør ved Gustavbergs porslinsfabrik ved Stockholm. Fabrikken kosta i 1890 på han ei studiereise til Paris og London. Han byrja så å studere målarkunst ved Académie Colarossi i Paris våren 1894. Han var den einaste svensken som studerte hos Paul Gauguin, og tok etter franskmannen sitt symbolistisk samla syn på fargar og form, noko Osslund nytta i sine landskaps- og portrettmåleri, samt modellstudiar. Heimkomen i Sverige voks fram den dynamisk uttrykksfulle landskapskunsten som vart kjennemerket hans.
Det var først i 1898 han byrja måle norrlendsk natur. Osslund oppheldt seg då fleire månader på målarvandringar i de norrlendske øydemarkane, turar som han gjentok ofte dei neste tiåra. Gauguin hadde lært han å måle på smørpapir, noko som var billegare og lettare å handtere enn vanleg lerret når han var på vandring.
Hans ekspressive måleri ligg nær modernismen og kom til å påverke mellom andre Leander Engström, ikkje minst etter den unge Engström i 1907 fekk fylgje med Osslund på ein målartur i lappmarka. Måleria Före Stormen, Midsommar Nuolja (1922) og Höstafton vid Nordingrå er døme på Osslund sin kunst. Lenge var han oversedd, fyrst i alderdomen vart han til fulle verdsett av publikum.
Våren 1906 hadde Osslund ei stor utstilling i rådhuset i Gävle. Ein som omgåande vart interessert i Osslund sin ekspressive kunst, alle dei norrlendske haustmotiva i brennande fargar, var lærfabrikanten Emil Matton, som då kjøpte tre måleri. Året etter stilte Osslund ut på ny i Gävle og Matton bestilte då ein serie på fire måleri, kalla Årstiderna. Eitt av måleria i serien, Hösten, er i dag Osslunds mest kjende verk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Helmer Osslund, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.