Heidi Weng

Heidi Weng (fødd 20.

juli">20. juli 1991) er ein norsk langrennar frå Enebakk. Ho tok bronsemedaljen på 15 km under Ski-VM 2013, og gjekk for det norske laget som vart verdsmeistrar på 4 x 5 km stafett. Weng representerer IL i BUL, tidlegare var ho medlem av Idrettslaget Driv.

Heidi Weng
Heidi Weng
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juli 1991 (32 år)
Ytre Enebakk
Yrke langrennsløpar, friidrettsutøvar
Språk norsk, engelsk
Høgd 163 centimeter
Heidi Weng på Commons

Aktiv

Weng var i 2010 med på det norske stafettlaget som i Hinterartzen vart verdsmeistrar for juniorar, i same meisterskapen fekk ho sølv i det individuelle rennet over 10 km. I januar 2011 deltok ho i junior-VM på ski i Estland. Her vann ho gull på 10 km og i stafett, og fekk bronse på 5 km fristil, bakom landsmanninene Ragnhild Haga og Kari Slind.

Etter fleire sterke prestasjonar i verdscuprenn i 2012-sesongen fekk ho sitt gjennombrot då ho 3. mars 2012 vart nummer tre på 15 km i Lahti, berre slått av landslagskollegaene Therese Johaug og Marit Bjørgen. To veker seinare tok ho endå eit steg opp på pallen, då ho kom på andreplass i mini-tour-rennet i Falun. Marit Bjørgen kunne ho ikkje gjere noko med, men ho spurtslo svenske Charlotte Kalla og norske Therese Johaug.

Weng hevda seg i verdscupen i langrenn gjennom heile 2013-sesongen. Ho vart nummer tre i Kuusamo i byrjinga av desember og fekk same plasseringa på 10 km i Lahti tidleg i mars. Før ho kom så langt, hadde ho teke bronsemedalje på 15 km under ski-VM 2013 i Val di Fiemme og vorte verdsmeister i 4x5 km stafett for Noreg. Weng gjekk fyrsteetappen på det norske stafettlaget, sidan fullførte Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen den norske triumfen. Etter Lahti-spelen kom Weng på fjerdeplass på tremila i Holmenkollen og i minitouren i Falun.

Under noregsmeisterskapen 2013 tok Weng sine fyrste individuelle medaljar. I januar månad fekk ho bronse på 15 km, medan ho i mars tok sølv på 30 km.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • Ski-VM 2013: Bronsemedalje på 15 km, gullmedalje i stafett, nr 4 på 30 km og nr 6 på 10 km
  • Vinter-OL 2014: Bronsemedalje på 15 km

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Tags:

Heidi Weng AktivHeidi Weng KjelderHeidi Weng199120. juliEnebakkLangrennSki-VM 2013

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Eli Kari GjengedalAnne RimmenPlaneten JupiterPelle PolitibilSagaen om IsfolketTromsø kommuneDei sameinte arabiske emirataSluddNellikrevolusjonenSamisk musikkHalloStylídaFagorganisasjonPlaneten Mars11. aprilKrutJohannes VermeerVolda kommuneTonsillHans ØySatyajit RaySvastikaØdipusGrand CanyonPolitiBetaKonfutseInnsjøar i SverigeMoskvaSvein Tore MarthinsenCullinan-diamantenHollandSvalSatHomofiliHønefossArminianismeBloggSilkeormBaliKlima i Nord-AmerikaKent AndersenAfrikaEininga barAlderspensjonYafaSterke substantivH.C. AndersenBondelungeEtterretningsbataljonenKamerunByar i HellasProvinsar i OmanTommy RobinsonNazismeRomandieSionistDurgaÁjos Konstandínos i FthiótidaPetronella BarkerPlantarSylvi ListhaugDinosaurarRussisk litteraturWiki CommonsClaus JervellJon FosseErik AndersenGoogle MapsUkrainaHøgaste fjell i EuropaAliártosDet indiske kastesystemetRusslandTasmansk djevelKvam herad🡆 More