Håkon Magnusson Toresfostre (1069–1095) vart utropt til konge av Trøndelag og Oppland i 1093.
Samstundes vart Magnus III Berrføtt teken til konge i Vika.
Håkon Magnusson Toresfostre | |||
Konge av Noreg (med Magnus Berrføtt) | |||
Regjeringstid | 1093–1095 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 1068 | ||
Død | februar 1095 | ||
Dødsstad | Dovrefjell | ||
Dynasti | Hardrådeætta | ||
Far | Magnus II av Noreg |
Håkon skal ha vore son av Magnus II Haraldson. Ein kjenner ikkje til kven mor hans var.
Han var fosterson av Steigar-Tore, ein mektig mann frå Oppland, og var difor kjend som «Toresfostre». Steigar-Tore stydde opp om kravet om kongsmakt.
Etter å ha vorte teken til konge på Opplanda vart han hylla som herskar på Øyratinget ved Nidaros. Her gav han lovnad om å oppheva fleire plikter for bøndene, som «landøre» og «julegåver».
Magnus Berrføtt godtok ikkje Håkon som medkonge. I 1093 var det kampar mellom Håkon og Magnus Berrføtt.
Håkon døydde i 1094 eller 1095 etter å ha blitt sjuk under rypejakt på Dovrefjell. Han hadde berre vore konge i drygt eit år.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Håkon Magnusson Toresfostre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.