Februar er den andre månaden i den julianske og gregorianske kalenderen.
Han har 28 dagar (29 i skotår), og er dermed den kortaste månaden.
Namnet kjem frå den etruskiske guden for død og reinsing, Februus, og den romerske høgtida februalia. Månaden blei teken inn i den romerske kalenderen av Numa Pompilius rundt 700 f.Kr., etter at romarane tidlegare ikkje hadde rekna månader om vinteren. Februar var den siste månaden i kalenderen, og fekk av den grunn den ekstra dagen i skotår.
Tidlegare namn på månaden er göjemånad i Sverige, blidemåned i Danmark. Angelsaksarane kalla han solmoneth, sølemånad, og kale-monath, 'kålmånad'. På finsk heiter februar helmikuu, 'perlemånaden'.
Februar tek til same dagen av veka som mars og november i vanlege år, og som august i skotår.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Februar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.