Gravering

Gravering er ein handverksteknikk og kunstform der ein rissar eller skjer inn mønster, bilete, skrift og teikn i ei overflate eller gjenstand av metall, glas, stein, tre, bein, perlemor, plast eller andre harde materiale.

Spora i flata kan vera ein dekorasjon eller innskrift i eit sølv- eller gullsmedarbeid, i glaskunst eller på eit skilt, men kan òg danna ei teikning i ei grafisk trykkplate som ein kan trykkja på papir.

Gravering
Krystallbolle med inngravert dekormotiv i glaset gjeve som gåve til den amerikanske presidenten Barack Obama i 2009. Bilete og tekst er her handgravert av ein glaskunstnar.

Handverkaren som utfører graveringsarbeid blir kalla ein gravør. Gravøren kan òg modellera støypeformer til til dømes medaljar og myntar. Gravering blir utført ved hjelp av verktøy som stiklar, meislar og gravernåler. Til glas brukar ein små, roterande koparhjul. Sidan 1800-talet har det kome fleire mekaniske metodar og maskiner som har overteke for mykje av det gamle handverket, til dømes elektro- og lasergravering.

Gravering i grafikk

Gravering  Gravering 
Originalteikning av John Tenniel til en illustrasjon i Alice i Eventyrland (1865) og ei gravering av same motiv for å reprodusere teikningen i den trykte boka (i ei tyskspråkleg utgåve). Gravøren er her ein grafisk handverkar som har overført kunstnaren sin teikning til ei gravert trykkplate eller klisje i form av eit koparstikk, ein reproduksjonsteknikk som var vanleg i fleire hundre år. Signaturen til kunstnaren er nedst til høgre på det endelege avtrykket i boka, den til gravøren til venstre.

Grafiske teknikkar der kunstnaren nyttar gravering er til dømes koparstikk, xylografi, radering og stålstikk, metodar der bildet på litt ulike måtar blir rissa inn i ei trykkplate før ho blir påført trykksverte og overført som eit avtrykk til eit papir.

Ordet gravering blir brukt både om sjølve teknikken og om den graverte teikninga eller det som er gravert. I grafisk kunst kan gravering òg kallast ein gravyr(e) eller eit stikk, og viser både til ei gravert trykkplate og avtrykket av henne.

Medan gravering på norsk særleg blir brukt om grafikk frå metallplater, oftast koparstikk, blir det engelske engraving brukt litt breiae og også om tradisjonelle tresnitt.

Gravering av grammofonplater

Gravering omfattar òg den mekaniske metoden for å rissa eit spor i ei originalplate når ein lagar grammofonplater.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Gravering  Commons har multimedium som gjeld: Gravering

Tags:

Gravering i grafikkGravering av grammofonplaterGravering KjelderGravering BakgrunnsstoffGraveringBeinBergartBileteDekorasjonGlasGrafikkGullsmedHandverkKunstMetallMønsterPerlemorPlastSkriftSølvsmedTeiknTre

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

StrynefjelletOle PausNr.91 StomperudBrothers in Arms av Dire StraitsMyggCyanGabrielle LeithaugMellom-AmerikaMakrofagRusslandGolden HeartTrikktrakkPlantarTorinoKåre Magnus BerghImathíaTriduumHal LindesRave On!KasakhstanSionistUndergrunnsbanen i LondonLove Me av Buddy HollyPhil PalmerWarszawaNobels fredsprisNederland1619VierfamilienElsa LystadGranadaVM i friidrett 2023IndonesiaSaltHerpes simplexvirusDet greske alfabetetExtendedancEPlayRubjerg Knude FyrSverigeFilmjølkWe Will Rock YouRådyrArne DokkenFrode VikenMetroland av Mark KnopflerPeriferieininga PéllaYatzyVólviSaint-DizierMauritaniaPanamakanalenRomeo and Juliet av Dire StraitsDiskografien til QueenRundeBurusjøenRenée ZellwegerBergenBrossviksåtaMargrete ValdemarsdotterPolenAndJesu sju ord på krossenPjokken EideHønsehaukDen romerske republikken27-årsklubbenArve OpsahlEtikkCountryMuleselSaint LuciaURLIndre Kvarøy🡆 More