Ein gram-negativ bakterie er ein bakterie som ikkje fargar lilla ved gramfarging.
Normalt nyttar ein safranin for å laga ei motfarging, nemleg rosa. Grunnen til at gram-negative bakteriar ikkje fargar lilla er at dei har ein annan samansetning i cellemembran enn gram-positive bakteriar.
Kjenneteikn
Følgjande kjenneteikn er typiske for gram-negative bakteriar:
Porinar på den ytste membranen; desse fungerer som porer for enkelte molekyl.
Eit periplasmatisk rom mellom ytter- og innermembranen.
S-laget er direkte festa til yttermembranen, ikkje til peptidoglykanet.
Dersom bakterien har flagellar, har den fire støtteringar i staden for to.
Dei fleste har Brauns lipoprotein som fungerer som eit band mellom yttermembranen og peptidoglykanlaget ved hjelp av ei kovalent binding.
Dei fleste dannar ikkje sporar (sporulerar) (Coxiella burnetii er eit unntak, då denne dannar sporeliknande lekamar).
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gram-negativ bakterie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.