Get Outta My Way Singel av Kylie Minogue frå albumet Aphrodite | ||
Utgjeve | 27. september 2010 | |
Innspelt | 2010 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop | |
Lengd | 3:39 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Lucas Secon Damon Sharpe Peter Wallevik Daniel Davidsen Mich Hansen | |
---|---|---|
Produsent | Cutfather Peter Wallevik Daniel Davidsen Damon Sharpe Lucas Secon Stuart Price | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«All the Lovers» (2010) | Get Outta My Way | «Better than Today» (2010) |
«Get Outta My Way» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite. Songen vart utgjeven som den andre singelen i september 2010.
Minogue stadfesta 5. juli 2010 at «Get Outta My Way» ville koma ut som den andre singelen frå albumet. Songen vart først gjort tilgjengeleg for allmennheten via eit promoteringsalbum gjeve til radiokanaler før den kommersielle utgjevinga. «Get Outta My War» vart skriven og produsert av Lucas Secon, Damon Sharpe, Peter Wallevik, Daniel Davidsen, Mich Hansen og Cutfather, med Stuart Price som den utøvande produsenten.
«Get Outta My Way» nådde tolvteplass på UK Singles Chart og nummer 69 i heimlandet til Minogue, Australia. Singelen nådde òg nummer 25 på den europeiske singellista, nummer 29 i Frankrike, nummer 41 i Tyskland og nummer 23 i Sveits. Songen var òg vellykka i New Zealand der det nådde nummer 69 og nummer 57 i Japan.
«Get Outta My Way» er ein dansepop og synthpop-orientert song som òg inneheld ein disco-orientert rytme. Tekstene fortel om Minogue som er frustrerte og rasande, og leverer vokal i ei form av ein advarsel til henne ubehageleg partnar, noko som indikerer at ho kan forlate han.
Musikkvideoen vart filma i London den 18. august 2010. Videoen byrjar med Minogue og dansarar hennar rører seg sakte på eit rørleg dansegolv. Kvar og ein av dei er omgjeve av ein glød som følgjer rørslene deira. Minogue har på hanskar som lyser opp andletet og kroppen hennar. Deretter opptrer ho i eit gullantrekk blant kvite stolar. Det siste elementet viser Minogue i raudt saman med dansarar med ein rampe framfor ein lyssett vegg.
|
|
Kjelde :
Toppliste (2010) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts) | 69 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 40) | 61 |
Belgia (Ultratip Flandern) | 9 |
Belgia (Ultratip Vallonia) | 13 |
Tsjekkia (IFPI) | 50 |
Danmark (Tracklisten) | 12 |
Europa (European Hot 100 Singles) | 25 |
Frankrike (SNEP) | 29 |
Tyskland (Media Control Charts) | 41 |
Irland (IRMA) | 33 |
Japan (Japan Hot 100) | 57 |
New Zealand (RIANZ) | 69 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 23 |
Skottland (Official Charts Company) | 11 |
Slovakia (IFPI) | 18 |
Spania (PROMUSICAE) | 11 |
Storbritannia (UK Singles Chart) | 12 |
USA (Billboard Hot Dance Club Songs) | 1 |
USA (Billboard Hot 100) | 105 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Get Outta My Way, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.