Genshin Impact: Dataspel frå 2020

Genshin Impact (kinesisk 原神, pinyin yuánshén; japansk 原神-げんしん, rōmaji Genshin) er eit action-rollespel utvikla av det kinesiske selskapet miHoYo som fyrst kom ut i 2020.

Spelet har eit anime-aktig open-verd-miljø og eit action-basert slostesystem som nyttar element-magi og bytte av spelfigurar. Spelet er gratis å spela, og tener pengar på gacha der spelarar kan skaffa seg nye spelfigurar, våpen og andre spelelement. Genshin Impact føregår i fantasiverda Teyvat, der det finst sju ulike land som kvar er bunde til eit ulikt element og styrt av ein ulik gud. Soga følgjar ein reisande som har reist gjennom tallause verder med tvillingen sin før dei blei skilde i Teyvat. Den reisande dreg på leit etter tvillingen sin saman med hjelparen Paimon, og blir involvert i forholda til landa i Teyvat.

Genshin Impact
Genshin Impact: Dataspel frå 2020
Utviklar(ar)miHoYo
Utgjevar(ar)miHoYo, Cognosphere
DistributørPlayStation Store, Google Play, App Store, Epic Games Store, offisiell nettstad
SpelmotorUnity
Siste versjon4.6
Plattform(er)iOS, Android, Microsoft Windows, PlayStation 4, PlayStation 5
Utgjeving28. september 2020
Sjangerdatarollespel, action-rollespel, gachaspel, samarbeid
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://genshin.hoyoverse.com/es, https://genshin.hoyoverse.com/fr, https://genshin.hoyoverse.com/de, https://genshin.hoyoverse.com/zh-tw, https://genshin.hoyoverse.com/id, https://genshin.hoyoverse.com/ja, https://genshin.hoyoverse.com/ko, https://genshin.hoyoverse.com/pt, https://genshin.hoyoverse.com/ru, https://genshin.hoyoverse.com/th, https://genshin.hoyoverse.com/vi, https://ys.mihoyo.com/, https://genshin.hoyoverse.com/en, https://genshin.hoyoverse.com/it, https://genshin.hoyoverse.com/tr
Genshin Impact: Dataspel frå 2020
Presentasjon av Genshin Impact ved Aviapark i Moskva i 2022.

Spelet blei utvikla mellom 2017 og 2020. Genshin Impact blei gjeve ut for Microsoft Windows, PlayStation 4, Android og iOS i september 2020, og for PlayStation 5 i april 2021, med vidare planar for ei utgjeving for Nintendo Switch. Spelet fekk jamt over positiv kritikk, med lovprisingar for slostemekanikken og den overtydande opne verda, men fekk også kritikk for den simplistiske slutten og den økonomiske modellen. Spelet blei ein økonomisk suksess. Det tente inn over 3 milliardar dollar i det første utgjevingsåret, den høgaste lanseringsinntekta for eit dataspel nokonsinne.

Prisar og nominasjonar

Apple gav Genshin Impact prisen «iPhone Game of the Year» Best of 2020 frå si App Store og Apple Design Awards for Visuals and Graphics i 2021. Spelet vann også Google Play sin «Best Game of 2020» og blei nominert til «Users' Choice Game» ved utdelinga Best of 2020. Ved TapTap Game Awards 2020 vann det «Game of the Year». Spelet blei også nominert til «Best RPG» og «Best Mobile Game» ved The Game Awards 2020, og til «Ultimate Game of the Year» ved Golden Joystick Awards. Det blei nominert til «Best Ongoing Game» og vann «Best Mobile Game» ved The Game Awards 2021.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

AnimeDatarollespel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BetaMarihøneMorfologi i biologiYosef Wolde-MariamSolan GundersenDervenokhóriaGaysirTom HagenAutoritetsdataCate BlanchettBoge i arkitekturenLimequatFirenzeRøyslandPeter BoszRørvikCotangensJon FosseBislett-medaljenMonosakkaridRingdrottenThívaAtle HansenMorellMicrosoft WindowsGoogleAl-Bustan i OmanPlaneten MarsItalienskRally SverigeFylkesveg 515AtenEto Ne LjubovSkytjeSunnmøreFolkerepublikken KinaGeologiStorfuglGåsMarokkoMont Saint-MichelElg i solnedgangJonas Gahr StøreOffisielt språkTorinoTrettiårskrigenJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageJordskorpeplatePolenDiezeRafaelEselFreie Demokratische ParteiNautisk milOrrfuglUnicodeMaiken Caspersen FallaBlack SabbathDet norske flaggetGeorg Wilhelm Friedrich HegelElvis PresleyAkershus festningEnzymKaména VoúrlaGramBitcoinDanskHollandCarl Philip av SverigeAlbaniaOperahuset i OsloLinn UllmannMidsommarStolt henrikO helga nattSkulemål i Nord-Noreg🡆 More