Game Boy Advance (ofte korta GBA) er ein handhalden spelkonsoll utvikla, produsert og marknadsført av Nintendo.
Han vart lansert i Japan 21. mars 2001, i Nord-Amerika 11. juni 2001, i Europa og Australia 22. juni 2001. Under utviklinga vart Game Boy Advance gjeve kodenamn Project Atlantis.
SP-versjonen som vart lansert i mars 2003 hadde ein ny og mindre kamskjelldesign med ein skjerm som ein kunne flippe opp, internt forlys (ikkje baklys) og oppladbart batteri, men var elles uforandra. SP står for Special (spesiell).
Game Boy Micro er den andre omforminga av Game Boy Advance. Maskina er 10,6 cm brei, 5,08 cm høg og 1,78 cm djup og veg 85 gram. Micro har ein mindre skjerm enn dei andre modellane, men med skarpare oppløysning og bakgrunnsopplysing. Maskinen er ikkje kompatibel med spel for Game Boy eller Game Boy Color.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Game Boy Advance, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.