Fulda er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 105 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved elva Fulda
Fulda | |
---|---|
Domkyrkja i Fulda | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Hessen Kassel Fulda |
Grunnlagd | 744 |
Geografi | |
Flatevidd - By | 104,04 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik | 63 958 615/km² |
Koordinatar | 50°33′0″N 9°41′0″E / 50.55000°N 9.68333°E |
Høgd over havet | 261 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 36001–36043 |
Telefon-retningsnummer | 0661 |
Bilnummer | FD |
Heimeside: www.fulda.de |
Eit benediktinarkloster vart grunnlagd her i 744 av St. Sturm, ein dissippel av St. Boniface, mellom anna som ein base for Karl den store sin hær i hans politiske og militære felttog for å øydeleggje Sachsen. Klosteret fekk mykje støtte frå rike familiar i Frankrike.
Etter at St. Boniface vart martyrdrepen av frisarane vart leivningane hans ført tilbake til Fulda, og donasjonane auka som følgje av dette slik at Fulda kunne opprette underhus lenger borte, som i Hameln.
Mellom 790 og 819 vart klosterkyrkja bygd om for å huse leivningane. Dei baserte den nye basilikaen på Gamle St. Peters Basilika i Roma. Krypten til den opphavlege klosterkyrkja inneheld framleis leivningane, men kyrkja vart seinare renovert i barokkstil. Den store lærde Rabanus Maurus var abbed frå 822 til 842.
Med grunnlag i klosteret vart Fulda og det omliggande området gjort til fyrstedøme underlagt den tyske keisaren. Fulda vart eit bispedøme i 1752 og fyrsteabbeden fekk tittelen fyrstebiskop. Fyrsteabbedane, og seinare fyrstebiskopane, styrte Fulda og det omliggande området fram til bispedømet vart oppløyst med tvang av Napoleon I sine styrkar i 1802.
Byen vart ombygd i ein barokk stil på 1700-talet. Frå 1764 til 1789 hadde Fulda ein porselensfabrikk. På grunn av kvaliteten og at det vart laga få eksemplar er produkta svært ettertrakta av samlarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fulda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.