Fugloy, òg kalla Fugløy, er ei av dei 18 øyane som utgjer Færøyane og er ei av dei seks nordøyane, Norðoyggjar.
Fugloy | |||
øy | |||
Land | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Del av | Færøyane | ||
Areal | 11,02 km² | ||
Folketal | 40 (2016) | ||
Fugloy 62°20′06″N 6°18′06″W / 62.335°N 6.3016666666667°W | |||
Fugloy på kart over Færøyane | |||
Wiki Commons: Fugloy | |||
Flatevidda er 11,2 km², og det bur 45 innbyggjarar på øya (2002). Det høgaste fjellet er Klubbin på 621 moh.
Fugloy er den minste av Nordøyane og ligg lengst nordaust i øyriket. Saman med naboøya Svínoy, som ligg på den andre sida av fjorden Fugloyarfjørður, har den daglege ferjesamband med Hvannasund på Viðoy. I tillegg vert Fugloy tre gonger for veka vitja av den færøyske helikopterruta.
Fugloy er eit godt utgangspunkt for ornitologiske ekspedisjonar, eller berre turgåing med litt fuglekikking.
7. desember 1941 sokk dampskipet SS «Sauternes» i Fugloyarfjørður.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fugloy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.