Fredstraktaten i Amiens blei underskriven av den 25.
mars">25. mars 1802 av Joseph Bonaparte og Charles Cornwallis som ein «endeleg fredsavtale» mellom Frankrike og Storbritannia. Han enda Dei franske revolusjonskrigane.
Gjennom avtalen lova britane å gje Malta tilbake til maltesarordenen, Egypt tilbake til Tyrkia, Ceylon til Nederlanda og Trinidad til Spania. Britane anerkjente den franske republikken og kong Georg III fjerna den historiske tittelen «Konge av Frankrike» frå dei andre titlane sine. Franskmennene lova å trekkja seg tilbake frå Napoli og Roma.
Freden kom i stand etter at William Pitt den yngre hadde gått av som britisk statsminister i 1801. Han blei erstatta av Henry Addington, som straks tok kontakt med Napoléon Bonaparte (bror til Joseph Bonaparte) med eit framlegg til fredsavtale. Sjefsforhandlarane for Frankrike var Charles-Maurice de Talleyrand og Joseph Bonaparte og for Storbritannia Robert Jenkinson, 1. jarl av Liverpool.
Freden varte ikkje lenge. Napoleonskrigane braut ut i 1803, og i 1804 var William Pitt d.y. igjen britisk statsminister.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fredstraktaten i Amiens, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.