Ein eklipse eller formørking er ei astronomisk hending der ein himmellekam for ein periode er formørka ved at han anten flyttar seg inn i skuggen til ein annan lekam, eller ved at ein annan lekam passerer mellom seg og det lysande objektet.
Omgrepet vert som oftast nytta som solformørking, der måneskuggen kryssar jordoverflata, eller ei måneformørking, der månen flyttar seg inn i jordskuggen. Det kan òg nyttast om andre hendingar enn jorda og månen, til dømes når ein planet kastar skugge på ein av månane sine. Ei dobbeltstjerne kan produsere formørkingar om omlaupsplanet til dei to stjernene kryssar synslinja til ein observatør.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Formørking, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.