Filon (20 f.
Kr. – 40/50 e.Kr.), eller Filon frå Aleksandria (gresk Φίλων ὁ Ἀλεξανδρεύς), Philo Judaeus, Philo Judaeus of Alexandria, Yedidia, "Philon", og Jøden - Filon, var ein hellenistisk jødisk filosof fødd i Aleksandria. Leveåra (20 f. Kr. - 40/50 e. Kr.) er omtrentlege.
Filon frå Alexandria | |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | ca. 15 f.Kr. Alexandria |
Død | ca. 50 |
Yrke | filosof, historikar, skribent, forfattar |
Språk | gamalgresk |
Filon frå Alexandria på Commons |
Filon var platonikar i den såkalla mellomplatonismen, ein forlaupar for nyplatonismen. Han skreiv særs mykje og det meste er teken vare på. Han tolka den jødiske bibelen (i kristendomen kalla "Det gamle testamentet") ut frå platonsk, stoisk og pytagoreisk filosofi (numerologi) på allegorisk (konsekvent bileteleg eller metaforisk) måte. Stort sett vende han seg mot peripatetikarane (Aristoteles). Han har òg meir systematiske framstillingar av filosofien sin, men verka hans kan bli sett på som tolkingar av Bibelen. Det er usikkert om han brukte andre språk enn gresk, og han las nok Bibelen i den greske omsetjinga "Septuaginta". Stundom refererer han til hebraiske ord og omgrep. Lister med slike ord på gresk og hebraisk var i sirkulasjon på denne tida.
Han kom frå ein særs velståande familie som hadde offentlege funksjonar i romersk samanheng. Broren lånte pengar til kong Herodes (Agrippa), og ein brorson, Tiberius Aleksander, vart seinare romersk landshovding (prokurator) i Judea, general (prefekt) i Egypt og var med på kringsetjinga og øydelegginga av tempelet i Jerusalem i år 70. Det faktum at Filon i stor grad kunne vigsle livet sitt til filosofi, vitnar om gode vilkår.
Filon kjende godt romersk kultur, hadde sjølv romersk borgarrett og fekk både jødisk og gresk utdanning (den encycliske). Han opna opp for biletlege tolkingar av jødiske forskrifter, med unntak av dei heilt sentrale som omskjering. "Hjartets omskjering" eller åndeleg omskjering er viktig, men kan ikkje erstatte den fysiske. Feiring av sabbaten og høgtidene, samt innbetaling av tempelskatten til tempelet i Jerusalem kan ikkje tolkast heilt bort. Han, og sannsynlegvis dei fleste jødane i Egypt, held altså fast på tilknytinga til tempelet i Jerusalem.
Han har òg nokre historiske skrifter om konflikten i Aleksandria om rettane åt ulike ikkje-romerske grupper i byen (grekarar, jødar og egyptarar) og om eit sendebod han leia på vegner av jødane i byen til keisar Caligula i Roma i år 39 (sjå Legatio ad Gaium). I samband med denne konflikten fortel han om jødeforfølgingar i Aleksandria. Skal ein lese Filon, er det tilrådeleg å byrje med dei historiske skriftene, samt De vita contemplativa.
Vurderingar av Filons arbeid i ettertid har veksla mellom å sjå på han som berre ein viktig forlaupar for den kristne samkulturen mellom gresk, jødisk og romersk tankegang og praksisar, til å rekne han som den som førte desse kulturane saman og på den måten la grunnlaget for seinare europeisk tenking og kultur i det heile (det som vert uttrykt gjennom kulturane med sentrum i Athen, Jerusalem og Roma).
Filon skriv om og stadfestar ein del informasjon om det jødiske samfunnet i Egypt og i Aleksandria vi har frå andre kjelder (som den jødiske sogeskrivaren Josefus). Han skriv òg om tilhøva i Israel/Palestina i det første hundreåret. Han fortel detaljert om ei piliegrimsreise til Jerusalem og skriv om ulike grupperingar mellom jødane, mellom anna om essenarane som ein trur står bak skriftene som i 1947 og utover vart funne i Qumran ved Dødehavet.
Studiet av Filon har spelt ei stor rolle i studiet av dei første kristne filosofane eller teologane (kyrkjefedrane) i Aleksandria (som Klement og Origenes), for desse brukte filosofien hans direkte og i stor grad. Andre som vart inspirert av Filon var Gregorios av Nyssa og Ambrosius av Milano. Som ein som levde samstundes med Jesus og Paulus har han òg vore viktig som bakgrunnsinformasjon til studiar av Det nye testamentet (jf. den norske teologen Peder Borgen), særleg av Johannesevangeliet og Joh 1 om Logos/Ordet og av Hebrearbrevet. I motsetnad til dei sentrale personane i Det nye testamentet er soga om Filon og det miljøet han levde i, godt historisk-vitskapleg dokumentert i kjelder frå samtida. Nokre av kyrkjefedrane ville ha det til at han vart kristen og kalla han jamvel "Filon - biskopen", men dette er lite truleg. Skriftene hans vart tidleg omsett til armensk, og nokre skrifter finst berre i armenske originalar. Dei eldste manuskripta som er att i dag er frå seinmellomalderen.
Filons skrifter (norsk-latin). Det finst òg andre måtar å kategorisere skriftene på. Skriftene er digitaliserte og kan søkjast på elektronisk i mange ulike programversjonar.
A. Kommentarar til Bibelen o.l.
B. Tematiske
C. Historiske
Innføringsbøker om Filon og forskinga på han:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filon frå Alexandria, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.