Caligula, Gaius Julius Cæsar Augustus Germanicus (31.
august 12–24. januar 41), var den tredje keisaren av Romarriket, frå år 31 til 41. Han etterfylgde Tiberius av Romarriket. Namnet «Caligula» tyder 'den litle støvelen'. Han var den tredje keisaren i den julisk-klaudiske ætta. Han vart hugsa som ein despot på grunn av vellivnaden sin, og den sære, degenererte og råe framferda si. Den mest levande skildringa av livet hans er gjeven av historikaren Svetonius. Tacitus vil ikkje eingong nemne han, men det kan òg vere at skildringa hans er borte.
Caligula | |||
| |||
Keisar av Romarriket | |||
Periode | 18. mars 37–24. januar 41 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 31. august 12 i Antium | ||
Fødestad | Antium | ||
Død | 24. januar 41 i Roma (knivstukken) | ||
Dødsstad | Palatinerhøgda | ||
Mor | Agrippina den eldre | ||
Far | Germanicus | ||
Ektefelle | Junia Claudilla, Livia Orestilla, Lollia Paulina, Milonia Caesonia | ||
Barn | Julia Drusilla | ||
Føregangar | Tiberius | ||
Etterfølgjar | Claudius |
Det fyrste året som romersk keisar var Caligula vellukka. Men etter kvart stod han bak ei rekkje handlingar og ordrar som var både latterlege og skremmande. Han er seinare vorten kjend for å ha vore ein galen, despotisk tyrann. Han vart snikmyrda i 41 etter ei samansverjing av senatorar og fleire av vaktene hans. Caligula vart etterfylgd som keisar av Claudius I av Romarriket (Tiberius Claudius Nero Germanicus).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Caligula av Romarriket, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.