Fillmore East – June 1971 Konsertalbum av The Mothers | ||
Utgjeve | 2. august 1971 | |
Innspelt | Fillmore East i New York City, 5.-6. juni 1971 | |
Sjanger | Komedierock, jazzfusion, hardrock, progressiv rock | |
Lengd | 43:11 | |
Selskap | Bizarre/Reprise | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Chunga's Revenge (1970) | Fillmore East – June 1971 | 200 Motels (1971) |
Fillmore East – June 1971 er eit konsertalbum av The Mothers, som kom ut i 1971. Det er det 12. albumet i diskografien til Frank Zappa og vart produsert av Zappa og miksa av Toby Foster.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | |
Robert Christgau | C– |
Fillmore East – June 1971 var eit live konsept-aktig album. Det var ein snik-kikk bak teppet til eit rockeband på turné fortalt av Frank Zappa og inneheld mange tematiske element som på grunn av tid og mange på pengar ikkje kunne takast med i den liknande filmen 200 Motels. Den mest kjende delen av albumet er «The Mud Shark», ei soge fortalt til Don Preston av somme medlemmar av Vanilla Fudge om eit hteoll, Edgewater Inn i Seattle, der gjestene kunne fiske frå romma sine. I soga vert ein pigghå (mud shark på engelsk) fanga av ein av karane i Vanilla Fudge eller scenearbeidarane deira, og i lag med ein groupie og eit filmkamera, utartar det heile seg. Sjølv om det ikkje vert fortalt i «The Mud Shark», omfatta denne hendinga frå 1969 òg Led Zeppelin-trommeslagaren John Bonham og turnemanageren deira Richard Cole, medan Vanilla Fudge-songaren Mark Stein styrte kameraet.
Frank og the Mothers skildrar så stereotype, egoistiske rockemusikarar som «forhandlar» med ein groupie og venene hennar om ein kjapp «tur i høyet». Jentene vert fornærma fordi bandet trur dei er groupiar og at dei vil ligge med bandet berre fordi dei er musikarar. Dei har ein viss standard, og vil berre ligge med ein fyr i ei gruppe med ein «stor hitsingel på listene» og som er «velutrusta». I «Bwana Dik» forsikrar songaren Howard Kaylan jentene om at han er utstyrt meir enn deira «villaste Clearasil-dekte fantasiar» kan tenkje seg. Og for å sikre at dei følgjer standarden til desse jentene, syng bandet Turtles (som Kaylan, Volman og Pons hadde vore medlem i) sin hit «Happy Together». Albumet endar med eit ekstranummera «Peaches en Regalia» og «Tears Began to Fall».
Då albumet kom ut på CD av Rykodisc, vart «Willie the Pimp, Pt. 2» fjerna frå sporlista. Denne var attende på CD i ei nyutgjeving i 2012. På CD-utgåva vart òg det siste minuttet av «Latex Solar Beef» plassert i byrjinga av «Willie The Pimp Part One», slik at denne vart lenger. Det er uklårt om dette vart gjort med vilje eller ikkje.
Som eit ekstranummer på ein av dei to konsertane i Fillmore East dukka John Lennon og Yoko Ono opp for å spele ein halvtime med bandet. Denne delen av showet vart gjeven ut under Lennon sitt namn på ei plate kalla Live Jam, inkludert som ei bonusplate med Lennon-albumet Some Time in New York City. Dette kan ein òg høyre på Zappa-plata Playground Psychotics frå 1992.
Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Little House I Used to Live In» | 4:58 |
2. | «The Mud Shark» | 5:16 |
3. | «What Kind of Girl Do You Think We Are?» | 4:51 |
4. | «Bwana Dik» | 2:27 |
5. | «Latex Solar Beef» | 4:22 |
6. | «Willie the Pimp, Part One» | 2:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Willie the Pimp, Part Two» | 1:54 | |
8. | «Do You Like My New Car?» | 7:08 | |
9. | «Happy Together» | Garry Bonner, Alan Gordon | 2:57 |
10. | «Lonesome Electric Turkey» | 2:34 | |
11. | «Peaches en Regalia» | 3:22 | |
12. | «Tears Began to Fall» | 2:46 |
Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Little House I Used to Live In» | 4:41 | |
2. | «The Mud Shark» | 5:22 | |
3. | «What Kind of Girl Do You Think We Are?» | 4:17 | |
4. | «Bwana Dik» | 2:21 | |
5. | «Latex Solar Beef» | 2:38 | |
6. | «Willie the Pimp, Parts One & Two» | 4:03 | |
7. | «Do You Like My New Car?» | 7:08 | |
8. | «Happy Together» | Garry Bonner, Alan Gordon | 2:57 |
9. | «Lonesome Electric Turkey» | 2:57 | |
10. | «Peaches en Regalia» | 3:22 | |
11. | «Tears Began to Fall» | 2:45 |
Album - Billboard (Nord-Amerika)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1971 | Pop Albums | 38 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fillmore East – June 1971, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.