Espen Andersen (fødd 28.
oktober">28. oktober 1993) er ein norsk kombinertrennar, medlem i Lommedalens IL. Han vart olympisk meister med Noreg i lagtevlinga under Vinter-OL 2022. Tidlegare har han vunne sølv i same øvinga ved Vinter-OL 2018 og sølv i tomannsstafett i Ski-VM 2021.
Espen Andersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. oktober 1993 (30 år) Bærum kommune |
Idrett | kombinert |
Andersen fekk sin verdscupdebut i Holmenkollen i mars 2013. Han vart individuell noregsmeister då Ski-NM 2016 vart avvikla i Molde. Under Ski-VM 2017 vart han nummer 10 og beste nordmann i tevlinga med hopp i storbakke. Saman med Jan Schmid, Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak sikra han norsk sølvmedalje i lagtevlinga ved dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang i 2018. I Ski-VM 2021 i Oberstdorf fekk Andersen ikkje plass i det norske mannskapet i lagtevlinga, derimot tok han og Jarl Magnus Riiber sølvmedaljen i tomannstafetten. Under Vinter-OL 2022 i Zhangjiakou gjekk han han den andre etappen då Noregs lag vart suveren vinnar av lagtevlinga, dei andre på laget var Espen Bjørnstad, Jens Oftebro og Jørgen Graabak.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Espen Andersen (1993), which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.