Espírito Santo er ein delstat i Brasil.
Han grensar mot delstatane Bahia, Minas Gerais og Rio de Janeiro. Delstadshovudstaden er Vitória.
Espírito Santo | |||
delstat | |||
| |||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Del av | Sudeste | ||
Hovudstad | Vitória | ||
Areal | 46 077,5 km² | ||
Folketal | 4 108 508 (2021) | ||
Espírito Santo 19°41′00″S 40°28′00″W / 19.683333333333°S 40.466666666667°W | |||
| |||
Wiki Commons: Espírito Santo | |||
Dei opphavlege folkegruppene i Espírito Santo var tupiniquim-, temininó-, aymoré, purí- og botocudofolk. Dei fleste av desse blei etterkvart absorberte i den brasilianske blandingskulturen.
Europeisk busetjing i området byrja 23. mai 1535 då Vasco Fernandes Coutinho steig i land her med portugisiske kolonistar. Dette var oktaven etter pinse, og området fekk namnet «Espírito Santo» etter den heilage anden. Coutinho grunnla kystbyan Vila Velha, som i dag er den største byen i delstaten, og Vitória, som no er hovudstaden. Vitória fekk namnet sitt ('siger') etter sigrar mot urfolket som kjempa mot kolonistane.
Distriktet Espírito Santo blei ein provins i 1821 og ein delstat i 1889, då Brasil blei ein republikk. Delstaten fekk si noverande utforming i 1963, då grensa mot Minas Gerais blei fastlagd.
Busetjinga i delstaten er størst langs kysten. Opphavleg dyrka ein sukkerrøyr her. Først på 1800-talet byrja ein å omdanna innlandet med kaffidyrking. Frå 1900-talet dyrka ein også kakao. Delstaten har stor papirproduksjon. I nyare tid har ein også byrja produksjon av jern, stål, granitt og tropisk frukt her.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Espírito Santo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.