Italienske felttog Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa Spanske og portugisiske felttog
| ||||||||||||||||||||||
|
Erobringa av Menorca gjekk føre seg frå den 14. til den 21. september 1708, då øya Menorca vart erobra frå Spania av britisk-nederlandske styrkar på vegne av Karl VI av Det tysk-romerske riket, den austerrikske tronpretendenten til den spanske trona under den spanske arvefølgjekrigen. Britane annekterte seinare øya som sitt eige område under Freden i Utrecht i 1713.
Sidan 1702 hadde ein kjempa ein krig om kven som skulle arve den spanske trona. Britane og nederlendarane støtta den austerrikske kandidaten, medan Frankrike og hennar allierte støtta ein fransk kandidat. I 1704 hadde ein engelsk-nederlandsk flåte erobra Gibraltar og slått ein spansk flåte i slaget ved Vélez-Málaga. Dei allierte styrkane hadde òg gått i land i Catalonia der dei erobra Barcelona i 1705. Katalanarane støtta i hovudsak den austerrikske kandidaten og mange vart med i styrkane til dei allierte.
Den 14. september 1708 gjekk ein engelsk-nederlandsk marinestyrke kommandert av general James Stanhope i land på øya Menorca og kringsette hovudstaden Port Mahon. Innbyggjarane på øya var som fleste katalanarar for Austerrike, og tok imot britane og nederlendarane som frigjerarar. Ei veke seinare overgav den fransk-spanske garnisonen seg.
Britane innsåg potensialet til Menorca som ein britisk marinebase og ønskte å ta full kontroll over øya. Dette vart anerkjend med freden i Utrecht. Etter dette auka handelen på øya og britane auka velstanden på øya ved å ved å byggje opp mange av festningsverka der.
Britane okkuperte øya av og på fram til 1802 då ho omsider vart gjeven attende til Spania for godt. I løpet av denne perioden vart Menorca ein viktig del av det britiske tryggleiksnettverket i Middelhavet med ein stor marinebase.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Erobringa av Menorca i 1708, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.