Ermelandskmasuriske Voivodskap

Ermelandskmasuriske voivodskap (polsk Województwo warmińsko-mazurskie eller berre Warmińsko-Mazurskie) er ein av 16 voivodskap i Polen.

Ermelandskmasuriske voivodskap
Województwo warmińsko-mazurskie
Flagget til Ermelandskmasuriske voivodskap Våpenet til Ermelandskmasuriske voivodskap
Flagget til Ermelandskmasuriske voivodskap Våpenet til Ermelandskmasuriske voivodskap
Plasseringa til Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Olsztyn
Fylke: 2 byar og 19 landfylke
Gmina: 116
Folketal: 1 427 091 (2006)
Areal: 24 191,8 km²
Folketettleik: 59 /km²
Heimeside: www.umwd.pl/

Det ligg nordaust i Polen og største by og hovudstad er Olsztyn. Voivodskapet har eit areal på 24 192 km² og 1 427 091 (2006) innbyggjarar.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Olsztyn og delar av Suwałki og Elbląg. Provinsen har fått namn etter dei to historiske regionane Ermeland og Masuria (polsk Mazury).

Provinsen grensar til Podlasie-voivodskapet i aust, Masoviske voivodskap i sør, Kujaviskpommerske voivodskap i sørvest, Pommerske voivodskap i vest, Wisłalagunen i nordvest og Kaliningrad oblast (ein russisk ekslave) i nord. Regionen utgjer omtrent den sørlege delen av tidlegare Aust-Preussen (ein del av Tyskland), som vart delt mellom Polen og Sovjetunionen i 1945.

Byar og landsbyar

Voivodskapet har 49 byar og landsbyar. Folketala under er offisielle tal frå 2006 [1]):

1. Olsztyn (174 693)
2. Elbląg (127 055)
3. Ełk (56 156)
4. Ostróda (33 419)
5. Iława (32 326)
6. Giżycko (29 667)
7. Kętrzyn (28 000)
8. Szczytno (25 680)
9. Bartoszyce (25 423)
10. Mrągowo (21 772)
11. Działdowo (20 824)
12. Pisz (19 332)
13. Braniewo (17 875)
14. Lidzbark Warmiński (16 390)
15. Olecko (16 169)
16. Nidzica (14 761)
17. Morąg (14 497)
18. Gołdap (13 641)
19. Pasłęk (12 179)
20. Węgorzewo (11 638)
21. Nowe Miasto Lubawskie (11 036)
22. Dobre Miasto (10 489)
23. Biskupiec (10 348)
24. Orneta (9 380)
25. Lubawa (9 328)

26. Lidzbark (8 261)
27. Olsztynek (7 591)
28. Barczewo (7 401)
29. Orzysz (5 804)
30. Susz (5 610)
31. Reszel (5 098)
32. Ruciane-Nida (4 894)
33. Korsze (4 632)
34. Górowo Iławeckie (4 554)
35. Biała Piska (4 006)
36. Mikołajki (3 848)
37. Jeziorany (3 376)
38. Ryn (3 006)
39. Pieniężno (2 915)
40. Tolkmicko (2 731)
41. Miłakowo (2 665)
42. Pasym (2 550)
43. Frombork (2 529)
44. Bisztynek (2 493)
45. Miłomłyn (2 305)
46. Kisielice (2 208)
47. Zalewo (2 152)
48. Sępopol (2 015)
49. Młynary (1 837)

Administrativ inndeling

Ermelandskmasuriske voivodskap er delt inn i 21 fylke (powiat), der to er byfylke og 19 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 116 kommunar (gmina).

Kjelder

Ermelandskmasuriske Voivodskap  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Ermelandskmasuriske voivodskap

Tags:

KvadratkilometerOlsztynPolenPolsk språkPolske voivodskap

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PulitzerprisenLeonid BrezjnevKrøllalfaHjortetakksaltKalikoOrientråkeIngrid Syrstad EngenHåkon Sigurdsson JarlAnimismeBjarne BrøndboEmmylou HarrisFilippinaneFilmen Harry Potter og ildbegeretElektrisk filterDet britiske kongehusetØrnVest-TysklandStillebenOrKulturminneRepublikkEngelskMuhammedJordskjelv i 2020StorbritanniaDet norske alfabetetMarilyn MonroeExtendedancEPlaySteven WeinbergLydia Torsvik GieselmannDen industrielle revolusjonenNazismePink Floyd The WallJesu sju ord på krossenChristian RingnesStatueJungfraujochKolkataRovpattedyrByen BremenWayback MachineLæringsteorien konstruktivismeBrahmaputraCharles III av StorbritanniaBrighton Rock av QueenShine av Natália KellyTuaregskjoldetPapegøyefuglarFirkantkurveYour Latest TrickLudwig van BeethovenSionistStrålingsbalansen til jordaKasakhstanRaphaël PoiréeJulenissenAnother One Bites the DustSjøløverMakrofagMidsommarMånenHøgaste fjell i EuropaNasjonalrettSamuel WennbergHandball-VM 2013 for kvinnerSaudi-ArabiaNordahl GriegObeliskMeslingarLa BambaHenny MoanEurystomusAtenMads HansenDet ville vestenPedro I av Brasil1947Elsa Lystad🡆 More