Eksosbrems er eit spjeld som stengjer, eller snevrar inn, eksosmanifolden eller eksosrøret, noko som fører til at det krevst eit større dreiemoment for å driva motoren rundt.
Når motoren vert nytta til å bremsa køyretøyet fører dette til at det krevsta større dreiemoment for å driva motoren rundt. Motorbremst vert fyrst og fremst nytta på lastebilar og diesellokomotiv.
Effekttapet i motoren kan uttrykkast
der er vinkelhastigheita (rad/s) og er dreiemomentet (Nm). Når ein stengjer eksosrøret aukar dreiemomentet som skal til for å driva motoren rundt, og effektapet vert større. Ein annan måte å auka effekttapet på er å auka turtalet . Dette vert gjordt ved å nytta eit lågt gir i nedoverbakke. Ved køyring i nedoverbakkar er det difor vanleg at motoren har høgare turtal enn når ein tek ut effekt frå motoren. Lastebilmotorar er konstruerte for dette, så det er ikkje skadeleg for motoren.
På moderne lastebilar vert motorbremsa aktivert ved lett trykk på bremsepedalen (før bremsene går på). Ved køyring på glatt føre kan bruk av motorbrems føra til at drivhjula vert blokkerte, slik at køyretøyet sklir ut. For å hindra dette kan motorbremsa koplast ut med ein brytar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eksosbrems, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.