Ediktet i Potsdam var eit edikt om religiøs toleranse utskrive den 29.
oktober">29. oktober 1685 av den store brandenburgske kurfyrsten, Fredrik Vilhelm. Det tilbaud hugenottane, som vart forfølgt i Frankrike på grunn av religionen sin, fritt og sikkert opphald i Brandenburg. Flyktningane mottok dessutan generøse privilegium, som skatte- og tollfridom og støtte for næringsverksemd og løn av presten deira av kurfyrstedømet.
Bakgrunnen for ediktet var den fornya forfølginga av hugenottar etter at ediktet i Nantes vart trekt tilbake av den franske kongen den 18. oktober 1685.
Kring 20 000 franske hugenottar tok imot tilbodet frå Brandenburg og slo seg ned der. Ediktet bidrog vesentleg til å hjelpe å byggje opp att næringslivet i Brandenburg etter øydeleggingane under trettiårskrigen, og la grunnsteinen for den seinare makta til kongedømet Preussen. Gjennom den franske immigrasjonen steig folkesetnaden i Berlin med ein tredjedel.
Reformasjonsminnesmerket i Genève minner om den brandenburgske mottakinga av hugenottiske flyktningar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ediktet i Potsdam, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.