Edderkoppen

Edderkoppen er eit skodespel av Hulda Garborg.

Det blei sett opp første gongen i 1904 og var det mest ambisiøse stykket hennar. Det vart likevel ein fiasko for Garborg.

Stykket er blitt samanlikna med verk av Ibsen, med ein tematikk som fortsette der Et dukkehjem slapp. Det tok for seg kvinnemakt, erotikk og intelligens. Garborg bygde forteljinga på oppveksten sin, der den fråskilte faren hennar losjerte hos ei rik kvinne med stor seksuell ap[etitt – «edderkoppen». Garborg skreiv stykket anonymt, mellom anna fordi fleire av modellane framleis var i live, men avisene oppgav likevel namnet hennar. Stykket fekk hard medfart då det blei sett opp på Nationaltheatret i 1904, og blei tatt av plakaten etter tre dagar. Grunnen er ikkje klar, men kan ha vore dei dårlege meldingane eller at direktøren for Nationaltheatret, Bjørn Bjørnson (son av Bjørnstjerne), var ein hovudmotstandar av Arne Garborg i målstriden.

Fiaskoen kom etter fleire år med stor suksess. Garborg hadde etablert seg som landets mest populære kvinnelege dramatikar, mellom anna med komedien Rasjonelt fjøsstell, som etter kvart blei det mest spelte stykket i Noreg. Nedturen var så stor at Garborg rømte Kristiania i skam, og skjulte seg på eit hotellrom i Trondheim langt unna sladder og aviser.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hulda Garborg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NasjonalromantikkenAsbjørnsen og MoeAn-MagrittCarles PuigdemontHertz16Konstitusjonelt monarkiNato-alfabetetKala13IrakCountryMaliMalwareTuzla (fleirtyding)Benjamin NetanyahuLuftMusikar21PåskeformelenSilvestre y La Naranja41Det hev ei rosa sprungeKitinTrekanthandelKon-Tiki-ekspedisjonenSamleieMykoplasmaStankelbein20BySki-NM 1968GjeddePolenTappelinoSosiale mediumMellomalderenECharles III av StorbritanniaSverige52UkrainaMoldedialektSveitsRadikalismeMikroklinGolf71MexicoBørud-gjengenSlaget på StiklestadGuanoLamaHovudsideTsjadNasjonalrettVictoria av StorbritanniaStillitsJordbruksrevolusjonen62NArne Henning ÅrskaugForretningsordenMøre og Romsdal fylkeFiskeslaget aspT. RexDen siste istidaRaudstrupeBiologisk systematikkHilde Gjermundshaug PedersenEddadiktBlackjackPanterJakartaIsoterm prosessVerdas land etter flateviddSaltLiberal🡆 More