Drive My Car

Baby, you can drive my car, yes I’m gonna be a star, Baby, you can drive my car, and maybe I’ll love you.

Drive My Car
Song av The Beatles
frå albumet Rubber Soul
Utgjeve 3. desember 1965
Innspelt 13. oktober 1965,
EMI Studios i London
Sjanger Rock, rhythm and blues
Lengd 2:28
Selskap Parlophone, EMI
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Drive My Car» er ein song skrive av Paul McCartney og John Lennon, gjeve ut av The Beatles på albumet Rubber Soul i 1965. Den livlege og muntre songen er opningssporet på dette albumet.

Tekst

Forteljaren i songen vert fortald av ei kvinne at ho kjem til å bli ei kjend filmstjerne og ho tilbyr han å verte sjåføren hennar, og legg til «and maybe I’ll love you.» Då han svarar med at «prospects are good», så svarar ho at «working for peanuts is all very fine/but I can show you a better time». Han godtar forslaget hennar, men ho innrømmer at ho ikkje har bil, men «found a driver and that’s a start».

I følgje McCartney var «Drive my car» ein gammal eufemisme i blues for sex.

Komposisjon

McCartney og Lennon skreiv songen heime hos Lennon etter at McCartney kom til Lennon med delar av melodien. Det opphavlege refrenget starta med «You can buy me diamond rings», ein setning som hadde vorte nytta i liknande form to gonger før i «Can’t Buy Me Love» og «I Feel Fine». Lennon likte ikkje teksten. Dei valde å skrive teksten på ny og etter ei lang stund kom dei fram til «drive my car»-temaet.

Innspeling

«Drive My Car» vart spelt inn ved Abbey Road Studios den 13. oktober 1965 i det som vart den første innspelingsdagen til the Beatles som strekte seg over midnatt. McCartney arbeida tett med George Harrison og la ned det grunnleggande rytmesporet og dei spelte dei same linjene på bass og gitar, etter forslag frå Harrison. Harrison hadde lytta til Otis Redding sin «Respect» på denne tida og som følgje av dette hadde meir «Drive My Car» botn enn tidlegare Beatles-songar med ein tung bass liknande Memphis-stilen.

McCartney spelte òg gitarsoloen, sjølv om Harrison komponerte riffet som underbygger versa.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Drive My Car TekstDrive My Car KomposisjonDrive My Car InnspelingDrive My Car MedverkandeDrive My Car KjelderDrive My Car BakgrunnsstoffDrive My Car

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NM i bryting 1974KognitivismeWiki CommonsMegawattGeorg RiedelTromsø kommuneBerlinblokadenPalauSpekkhoggarDS «Iris» (1901)TeknologiKoparInternasjonalenPodsolNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Richie FaulknerEiffeltårnetPeriklesPhobos i gresk mytologiMaiRhinenKlima i CanadaVerkstadSjuårskrigenBukspyttkjertelenThe Times of IndiaJaroslav SakalaFeilslutningRussells paradoksIsaac NewtonCarl Philip av SverigeTuonelaMartha SkrettebergPorsgrunnssangenGonzález IslandJordskorpeplateUkrainsk kulturBalusterMaoismeIndiaBjørnstjerne BjørnsonHarry HoleDiezeTidvatnImplisitt og eksplisitt funksjonHalsnøybåtenAftonbladetVerktøyet filTrabzonMicrosoft WindowsSylvi ListhaugMagnetisk feltstyrkeMarikkenKenth EldebrinkGlimmerInflasjonEkstaseLike-til-likeKapitalismeAlenOlivettiIvar AasenNorske dialektarJorvik2019LysPortugisiskFreddie MercuryRumpeldunkWienerklassisismenHolland🡆 More