Can’t Buy Me Love

«You Can’t Do That»

«Can’t Buy Me Love»
Singel av The Beatles
frå albumet A Hard Day’s Night
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 20. mars 1964 (UK)
16. mars 1964 (USA)
Innspelt Pathé Marconi Studios
29. januar 1964
Sjanger Rock
Lengd 2:11
Selskap Parlophone R5114 (UK)
Capitol 5150 (USA)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«I Want to Hold Your Hand»
(1963)
«Can’t Buy Me Love» «A Hard Day’s Night»
(1964)


«Can’t Buy Me Love» er tittelen på ein song skrive av Paul McCartney (kreditert til Lennon/McCartney) og gjeve ut av The Beatles som deira sjette britiske singel med som B-side

«Can’t Buy Me Love» vart spelt inn 29. januar 1964 i EMI sitt Pathe Marconi Studios i Paris i Frankrike, der Beatles spelte 18 dagar på Olympia Theatre.

I don't care too much for money.
Money can't buy me love.

Paul McCartney

Då dei var i Paris budde The Beatles på George V hotell og fekk eit piano flytta inn til seg slik at dei kunne halde fram med å skrive songar. Det var her McCartney skreiv «Can’t Buy Me Love». Songen vart skriven under press etter suksessen dei nettopp hadde oppnådd med «I Want to Hold Your Hand», som nettopp hadde nådd førsteplassen på den amerikanske hitlista. Då produsenten George Martin først høyrde songen følte han at songen trong ein betre intro og ein betre avslutning. Så han tok dei to første linje frå refrenget og plasserte dei i starten av songen. Resten av gruppa syns det var ein god idé og let det vere slik. Verset i songen nyttar ein 12-taktsblues-struktur, som Beatles sjeldan nytta på sine eigne songar.

Songen gjekk til topps på den amerikanske Billboard Hot 100 og var ein av fem Beatles-songar som låg på dei fem øvste plassane samstundes. Dette var den tredje Beatles-songen på rad som låg på førsteplassen og alle hadde avløyst kvarandre. Dei to føregåande på toppen var «I Want to Hold Your Hand» og «She Loves You». Den andre veka i april 1964 hadde Beatles 14 songar inne på Hot 100 samstundes.

Songen nådde òg førsteplassen i heimlandet og vart her den tredje singelen deira som selde over ein million. I Noreg, låg songen 14 veker på Topp 10 på VG-lista, men gjekk aldri høgare enn 3. plass.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte «Can’t Buy Me Love» på 295. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Medverkande

Salslister

Vekeslister

Liste (1964) Plassering
Australske Kent Music Report 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 5
Irland (IRMA) 1
Nederland (Mega Single Top 100) 1
Noreg (VG-lista) 3
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 1
Vest-Tyskland - Media Control 24

Årslister

Liste (1964) Plassering
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 52
US Cash Box 68

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA) Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Coverversjonar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Can’t Buy Me Love MedverkandeCan’t Buy Me Love SalslisterCan’t Buy Me Love CoverversjonarCan’t Buy Me Love KjelderCan’t Buy Me Love BakgrunnsstoffCan’t Buy Me Love

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FaenSkeiselandskampen Noreg–Sovjetunionen 1974BerlinISO 8601Bergen rådhusJordskorpeplateWikipediaWikimediaKristian IV av Danmark-NoregUkrainsk kulturKristoffer ColumbusEGolden Gate BridgeHTMLLondonRomaniaNellikrevolusjonenPrins Harry, hertug av SussexMari BoineKinetisk energiPlacentale pattedyrKalkulusFønvindCarles PuigdemontPiscoRiksveg 5RasDen franske revolusjonenSandnessjøenBlåmannFrankrikeFiskeørnChristianiaSildUnicornØystein SundeAbkhasia1900-taletHappy HumanKarpenísiEiffeltårnetSpaniaOle Ramshus SælthunAprilKorrespondentMax CarlGalileo GalileiUkrainsk matSanfolkProfessor emeritusLaraDemenskoretOdd NordstogaReiulf SteenRubjerg Knude FyrRundeLen i SverigeMicrosoft WindowsKlimaOffentleg eigedomMoskvaPliktetikkAnneke von der LippeHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorKnokkelPer PaustJordbruksrevolusjonenEmmerPeter BoszVårsøgDrynaHurtigruta🡆 More