Doug Sandom (fødd 1932) var den første trommeslagaren i den engelske rockgruppa The Who.
Tidleg i karrieren til bandet, då dei kalla seg The Detours rundt 1962, deltok Sandom som trommeslagar. Medan dei andre i gruppa var i slutten av tenåra, var Sandom alt rundt tretti og aldersskilnaden gjorde at han aldri vart ein integrert medlem av gruppa.
Etter at The Who hadde prøvespelt for og vart avvist av plateselskapet Fontana Records tidleg i 1964, foreslo Pete Townshend for dei to andre bandmedlemmene John Entwistle og Roger Daltrey at dei skulle kutte ut Sandom, og han slutta då i april same år. Medan dei gjennomførte avtalar om spelejobbar ved hjelp av ein studiomusikar ein månads tid, kom Keith Moon og foreslo seg sjølv som trommeslagar på ein av desse spelejobbane, og meinte at han var ein langt betre trommeslagar. Han fekk jobben.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Doug Sandom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.