Dom João de Castro Bank er ein stor undersjøisk vulkan i Asorane sentralt i Atlanterhavet.
Dom João de Castro Bank | |
---|---|
Topp | 14 muh. |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 38°08′N 26°23′W / 38.14°N 26.38°W |
Land | Asorane i Portugal |
Type | Undersjøisk vulkan |
Siste utbrot | 1720 |
Vulkan ligg midt mellom øyane Terceira og São Miguel og stig til 14 meter under havoverflata. Vulkan har danna eit stort fumarolefelt og er seismisk aktivt.
Det siste utbrotet kom i desember 1720 og danna ei øy som var 1,5 km lang og om lag 250 meter brei. Øya vart berre verande over sjøen i to år før erosjon tok ho tilbake til havet.
To sidekrater, begge om lag 90 x 45 m store, ligg på nordvestsida.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dom João de Castro Bank, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.