Dimmu Borgir

Dimmu Borgir er eit norsk symfonisk black/ekstrem metal-band.

Dimmu Borgir
Dimmu Borgir
OpphavOslo
Aktiv1993-
SjangerSymfonisk metal
Ekstrem metal
Black metal
PlateselskapNo Colours Records
Cacophonous Records
Hammerheart Productions
Century Media
Nuclear Blast
MedlemmerStian Thoresen
Thomas Rune Andersen
Sven Atle Kopperud
Simen Hestnæs
Øyvind Mustaparta
PrisarSpellemannprisen i metall, Spellemannprisen i metall, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Alarmprisen i metal, Alarmprisen i metal, Alarmprisen i metal

I nyare tid har Dimmu Borgir gått lenger frå black metal-sjangeren, men samtidig halde på mange av elementa. Det er usemje om Dimmu Borgir vert rekna som eit symfonisk black metal-band i dag, eller rett og slett berre eit symfonisk ekstrem metal-band. Namnet Dimmu Borgir er tatt frå ein stad på Island, Dimmuborgir, som er eit stort område med uvanlege lavaformasjonar aust for innsjøen Mývatn. Området består av diverse holer og klippeformasjoner. Dimmuborgir tyder «mørke borger».

Dimmu Borgir er kjend internasjonalt og saman med A-Ha og Turboneger er dei Noreg sine største eksportvarer av musikk. Dimmu Borgir spelar symfonisk black metal, mykje dissonansar, melodilinjer, temposkifter, endringar i tone og taktart, rabiate og teknisk avanserte trommer, mørk stemning og inspirasjon frå klassisk musikk. Dimmu Borgir sine tekstar byggjer ofte på sataniske verdiar, men bandet nektar for at dei har noko personleg forhold til satanisme. Dimmu Borgir gjekk etter kvart over til å hovudsakleg skrive på engelsk (tidlegare hadde dei skrive norske songtekstar), for at bodskape deira skulle verte lettare å forstå. Dei var òg lei av å forklare for ikkje-norsk-språklege kva tekstane handla om.

Bandet har vunne Spellemannprisen 2001 og Alarmprisen 2002 for Puritanical Euphoric Misanthropia, Spellemannprisen 2003 og Alarmprisen 2004 for Death Cult Armageddon og Alarmprisen 2007 for In Sorte Diaboli. Alle prisane i klassen metal. Dei fekk dessutan Gammleng-prisen i klassen black metal i 2004.

Det siste albumet, In Sorte Diaboli, kom i butikkane 24. april i Nord-Amerika, 27. april i Tyskland og 30. april i resten av Europa. Den 6. november 2007 fekk dei tildelt gullplate for dette albumet. Under Spellemannprisen 2007 fekk Dimmu Borgir prisen for årets musikkvideo med The Serpentine Offering.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Black metalNoreg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

We Will Rock YouGranadaArne DokkenVladimir PutinEncores av Dire StraitsLive at the BBC av Dire StraitsFareskiltMads HansenMatGolden HeartNy-CaledoniaRusslandArena BirminghamGabrielle LeithaugDire StraitsValdresEPA-traktorSukkerOn Every StreetM.I.A.SérresIndonesiskRussell CroweKeisarkanalenBritiske monarkarHelena Dam á NeystabøSin-ørkenenBrothers in Arms av Dire StraitsSmuglingOffisielt språkKirsti SparboeLinn UllmannHåkon Sigurdsson JarlNintendo 3DSRichard Francis BurtonDag HammarskjöldÅrhusBillboardVM i friidrett 2023GalatádesRowan AtkinsonThe Rolling StonesHeine T. BakkeidRobbie WilliamsLøveKyivHotel Union ØyeAre KalvøWarszawaDen guddommelege komedieLondonNATOHandball-VM 2015 for mennPhil PalmerNibiruAlfons XIII av SpaniaIngrid Syrstad EngenFrisk Asker IshockeyAlbumet Hotel Californiaw1p04HerreSpesifikk gravitetMarina OvsiannikovaHal LindesJesusBjørn EidsvågUrfolk i USABrjansk oblastByen BremenKanye WestByar i HellasLove Me av Buddy HollyPjokken EideAnimisme28. mars🡆 More