Dilmun

Dilmun (akkadisk Tilmun, gresk Týlós) er det sumeriske namnet på eit myteomspunne land som låg ved Persiabukta i Arabia, på handelsruta mellom Mesopotamia og Indusdalkulturen.

Dilmun er nemnd frå og med 2000-talet fvt. Det omfatta dagens Bahrain, Kuwait, Qatar og dei austre delane av Saudi-Arabia.

Dilmun
Utanlandske område for mesopotamiarane, mellom anna Elam, Magan, Dilmun, Marhashi og Meluhha.

I sumerisk mytologi var det ein heilag stad i den austlege ytterkanten av verda og heimstaden til den vise Utnapishtim, som ifølgje segnene var om lag like gammal som Metusjalah. Staden er skildra i Gilgamesjeposet på leirtavla som er graven ut frå biblioteket etter assyrarkongen Asurbanipal (688–ca. 527 f. Kr.) i Ninive. Omsetjinga frå kileskrift skildrar staden: «Der (i Dilmun) drep inga løve, røvar ingen ulv lam, der jammerar ingen sjuke, dei er sjuke, eller eit gammalt menneske, det er gammalt. Dilmun er eit signa land.»

Den sumeriske soga om paradishagen Dilmun kan ha vore ein inspirasjon for soga om Edens hage.

I bronsealderen voks Bahrain til eit betydeleg handelssentrum mellom rika rundt Indus og den fruktbare halvmånen. Ein grunn var at der var tilgjang til ferskvatn frå artesiske brønnar.

Akkadarkongen Sargon og Elam-riket hadde tette band.

Arkeologar var lenge usikre på om dei spora som fanst av tidlegare kulturar var frå det historiske Dilmun. Den danske arkeologen P.V. Glob var i si tid med på utgravingane og følte seg rimeleg sikker på at det dei fann i Bahrain stamma frå denne kulturen.

Referansar

Tags:

AkkadiskArabiaBahrainGreskIndusdalkulturenKuwaitMesopotamiaPersiabuktaQatarSaudi-ArabiaSumer

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TeknologiMicrosoft WindowsSildekongeRimNorsk ytre språkhistoriePhobos i gresk mytologiMolde kommuneJomfru MariaVrangianáSoltidKolFaryngittNorske kommuneblomarElon MuskAsh Sharqiyah-regionen i OmanInkarikets fallReinheitsgebotDet norske flaggetEli Kari GjengedalBodø kommunePOSIXKyle WalkerKallífonoDet amerikanske flaggetNordland fylkeAegisNazistOrNord-AmerikaForbundsrepublikkTonsillGesimsOksygenJernVM i friidrett 1983ProduksjonHarry PotterKlanenKenth EldebrinkCoca-ColaNynorskFelix MendelssohnNo-dramaVierslektaBjørkefinkKlima i ArgentinaAspropótamos i TríkalaSamiske slektsnamnRussisk litteraturDen islamske statenXboxRígas Feréos i MagnisíaPilPeriklesHar SedomFlorøKvam heradDet franske koloniriketTorvastad IdrettslagMaoismeMerlionWienerklassisismenFuerteventuraSjøløverHepatitt C-virusEllen DeGeneresDigitalForvandlinga2020Knut Marius DjupvikMartin Ødegaard🡆 More