Dieter Hoffmann (27.
august">27. august 1942–16. september 2016) var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Danzig. Han deltok i kulestøyt for Aust-Tyskland og vart europameister i øvinga i 1969. Hoffmann var medlem av ASK Berlin og seinare ASK Potsdam. Som aktiv var han 188 cm høg og vog 120 kg.
Dieter Hoffmann | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 27. august 1942 Gdańsk |
Død | 16. september 2016 (74 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1964 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1968 Summer Olympics – men's shot put |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Hoffmann deltok i 1964 i dei olympiske leikane i Tokyo og vart nummer 12. Året etter representerte han DDR og vart nummer fire i Europacupen. I 1966 kom han på åttandeplassen i EM i Budapest.
Den 3. juli 1968 støytte Hoffmann i Potsdam 20,08 meter, ny europarekord. To veker seinare forbetra han, i Sokolov i dåverande Tsjekkoslovakia, europarekorden med to centimeter. I august vann han i Erfurt sin einaste DDR-meistertittel utandørs. Under sommarleikane i Mexico-byen enda han på fjerdeplassen, ni cm bakom bronsevinnaren.
I 1969 vann Hoffmann gullmedaljen i kulestøyt under europameisterskapen i Aten, framom landslagskameratane Heinz-Joachim Rothenburg og Hans-Peter Gies. Same sesongen forbetra han den personlege rekorden til 20,60 meter. Under europameisterskapen 1971 vart han nummer sju. I 1972 vart han nummer fire i kulestøyt i den aust tysk meisterskapen, og gjekk dermed glipp av dei olympiske leikane i München.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dieter Hoffmann, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.