Det skotske parlamentet held til i hovudstaden Edinburgh.
Parlamentet vart oppretta etter at den nye Skottlandlova vart vedteken av det britiske parlamentet i 1998. Dette vedtaket kom etter ei skotsk folkerøysting i 1997 der det vart fleirtal for å oppretta eit skotsk parlament med makt til å endra skattenivået. Det første skotske parlamentsvalet var i mai 1999. Parlamentet vel ein førsteminister som i sin tur peikar ut ministrar til å sitja i den skotske regjeringa (Scottish Government).
Hovudinngangen til den karakteristiske skotske parlamentbygningen. Foto: Matthew Ross | |||
Virkefelt | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Skipa | 12. mai 1999 | ||
Hovudkontor | Skottlands parlamentsbygning | ||
Jurisdiksjon | Skottland | ||
Nettside | https://www.parliament.scot/ |
Den nye parlamentsbygningen vart teken i bruk i september 2004. Bygningen ligg i Holyrood-området i Edinburgh, og parlamentet vert ofte referert til som «Holyrood».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det skotske parlamentet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.