Den Syriske Ørkenen

Den syriske ørkenen (arabisk بادية الشام, Bādiyat ash-shām), òg kalla Den syrisk-arabiske ørkenen, er ein kombinasjon av stepper og verkeleg ørken som ligg nord i Arabia og dekkjer over 500 000 kvadratkilometer av Syria.

Ørkenen er særs steinete og flat.

Den syriske ørkenen
ørken
Den Syriske Ørkenen
Den syriske ørkenen by NASA World Wind
Land Den Syriske Ørkenen Syria
Koordinatar 33°20′00″N 38°50′00″E / 33.3333°N 38.83333°E / 33.3333; 38.83333

Den syriske ørkenen
33°20′00″N 38°50′00″E / 33.333333333333°N 38.833333333333°E / 33.333333333333; 38.833333333333
Den Syriske Ørkenen
Den Syriske Ørkenen
Wiki Commons: Syrian Desert
Den Syriske Ørkenen
Den syriske ørkenen ein stad mellom Deir ez-Zor og Tadmor (Palmyra)

Geografi

Den syriske ørkenen er ein del av Al-Hamad, som dekkjer delar av Tyrkia, Syria, Irak, Jordan og Saudi-Arabia. Han grensar i vest til Orontesdalen og i aust til Eufrat. I nord går ørkenen over i meir frodige grassletter. I sør held ørkenen fram sørover på Den arabiske halvøya. Mange mindre ørkenar ligg innanfor den Den syriske ørkenen som Palmyra. Damaskus ligg i ein oase i ørkenen. Det merkverdige landskapet i ørkenen vart danna av lava frå vulkanområdet Jabal ad Duruz sør i Syria. Den syriske ørkenen er opphavet til syrisk hamster.

Historie

Ørkenen var historisk busett av beduinar og mange lever framleis i området, men hovudsakleg i byar og busetnader nær oasar. Somme beduinar lever framleis på den tradisjonelle måten i ørkenen. Safaittiske inskripsjonar, førarabiske tekstar skrivne av skrivekunnige beduinar, finst over heile Den syriske ørkenen. Desse er daterte til kring det første hundreåret fvt. til 300-talet evt.

Under Irakkrigen var ørkenen ei viktig forsyningslinje for irakiske opprørarar, og den irakiske delen av ørkenen vart ein viktig skanse for sunni-opprørarar som opererte i Al Anbar guvernement, særleg etter at koalisjonen erobra Fallujah under operasjon Phantom Fury. Ei rekkje militære operasjonar frå koalisjonen var relativt ineffektive når det gjaldt å drive opprørarane ut av ørkenen. Opprørarane byrja å få kontroll over det omliggande området. I september 2006 hadde dei fått kontroll over nesten heile Anbar guvernement og hadde flytta det meste av styrkane, utstyret og leiarane sine lenger aust til byar opprørarane kontrollerte nær Eufrat. Den syriske ørkenen vart framleis nytta som ei av hovudrutene for å smugle utstyr.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Den Syriske Ørkenen GeografiDen Syriske Ørkenen HistorieDen Syriske Ørkenen Sjå ògDen Syriske Ørkenen KjelderDen Syriske ØrkenenArabiskSteppeSyriaØrken

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sigmund FreudKaptein SabeltannPeriferieininga KardítsaHans Majestet Kongens GardeCharlène av MonacoOmanbuktaSjuårskrigenAldous HuxleyTsjasiv JarSagaen om IsfolketFranskSnikkarLofotenByar i HellasVM i fotball 2022Mayo ClinicPodsolGrunnstoffliste etter atomnummerOrganistSamleieOboSosialdarwinismeBuskerud fylkeHaikuNorske dialektarKråkebolleKristian IV av Danmark-NoregLKlanenAbdusamet YigitEikefjordJomfru MariaOrbitalTatjana TomasjovaNaturGhanaOrJesusGorgopótamosPeter GabrielPierre-Simon LaplaceVictoria av StorbritanniaEikefjord idrettslagProduksjonMartin ØdegaardDas KapitalStord kommuneEvnukkJordbruksrevolusjonenTelemark fylkeGoogleUSAEllen DeGeneresBokfinkBjørkefinkMjøsaNoregBygdedyretAfrikaAust-ArjithéaJamstellingsvedtaketTrabzonOzzy OsbourneHaakon Magnus av NoregABBAEtanNasjonaldagVólosKognitivismeDet norske alfabetetTaekwondoHinduismen🡆 More