Den italienske rivieraen (italiensk Riviera ligure) er den smale kyststripa som ligg mellom Liguriahavet og fjella Dei maritime Alpane og Appenninane.
Ho strekkjer seg frå grensa til Frankrike og Den franske rivieraen (eller Côte d'Azur) nær Ventimiglia (ein tidlegare tollstasjon) til Capo Corvo (òg kalla Punta Bianca) som markerer den austlege enden av La Spezia-bukta og ligg nær grensa til Toscana. Den italienske rivieraen strekkjer seg dermed langs nesten heile kysten av Liguria. Historisk strakk ho seg enno lenger vest forbi det som i dag er Monaco.
Rivieraen er sentrert rundt Genova, som deler kyststripa i to delar. Riviera di Ponente strekkjer seg vestover frå Genova til den franske grensa og Riviera di Levante mellom Genova og Capo Corva.
Rivieraen er kjend for det milde klimaet, som i lag med sjarmerande gamle fiskelandsbyar og den vakre naturen har trekt til seg turistar sidan Lord Byron og Shelley si tid.
Mange landsbyar og byar i området er internasjonalt kjende, som Portofino, Bordighera, Lerici og Cinque Terre.
Delen av Riviera di Ponente rundt Savona vert kalla Riviera delle Palme («Palmerivieraen»), delen rundt Sanremo vert kalla «Riviera dei Fiori», etter blomsterindustrien som har vore her i mange hundre år.
Av stader ved eller nær Den italienske rivieraen finn ein:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den italienske rivieraen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.