Dei tempererte valdiviske skogane er ein økoregion vest for Andesfjella i sørlege Sør-Amerika, innanfor Chile og delvis òg inn i vestlegaste Argentina.
Han er ein økoregion med temperert lauvskog og blandingsskog langt sør i den neotropiske regionen. Skogane er oppkalla etter byen Valdivia. Dei tempererte valdiviske regnskogane er kjenneteikna av tett underskog av bambus, bregnar, og for å vere mest dominert av eviggrøne blomstrande tre med litt innblanda lauvfellande artar, sjølv om bartre også er vanlege. Omtrent ein firedel av arealet er verna.
Dei tempererte valdiviske skogane | |||
Økoregion | |||
Skog og underskog i Oncol naturreservat, nær byen Valdivia | |||
Land | Chile, Argentina | ||
---|---|---|---|
Areal | 248 100 km² | ||
Dei tempererte valdiviske skogane 41°19′48″S 73°39′41″W / 41.330108333333°S 73.661377777778°W | |||
| |||
Wiki Commons: Valdivian temperate rainforest | |||
Denne økoregionen femnar om tempererte skogar i ei relativt smal kyststripe mellom Stillehavet i vest, og dei sørlege Andesfjella i aust, frå omtrent 37° til 48° sørleg breiddegrad. Nord for 42° går den chilenske kystfjellkjeda langs kysten, og den nord-sør-løpande chilenske Valle Central ligg mellom kystområdet og Andes. Sør for 42° held kystområdet fram som ei kjede av øyar utanfor kysten, inkludert Chiloé-øya og Chonos-øygruppa, medan «Valle Central» her er nedsenka og held fram som Corcovadobukta. Mykje av økoregionen vart dekt av den patagoniske innlandsisen og andre isbrear som kom ned frå Andesfjella, størst under siste istid. Òg dei mange innsjøane i det chilenske innsjødistriktet i den sentrale delen av økoregionen var opphavlege isdalar, medan den sørlege delen av regionen har mange fjordar skorne ut av isbrear.
Mot nord vik dei valdiviske skogane for eit område med middelhavsskog og krattskog i den chilenske matorral-økoregionen. I sør ligg økoregionen med dei magellanske subpolare skogar. Dei tre nemnde økoregionane er isolerte frå dei subtropiske og tropiske skogane i nordlege Sør-Amerika av Atacama-ørkenen nord for matorral økoregion, av Andesfjella og av tørre, argentinske grassletter aust for Andesfjella som ligg i regnskuggen av Andes. Som eit resultat av isolasjonen har dei tempererte skogområda utvikla seg relativt isolert, med ein høg grad av endemiske artar.
Samanlikna med tilsvarande nordamerikansk skog i nordvest, er den tempererte regnskogen i Valdivia mykje meir artsrik. Samsvarande skilnad finn ein mot liknande skog i Tasmania.
Ut frå det at regionen ligg rundt 40 grader sør, er skogen sterkt påverka av vestavindsbeltet. Vassdampen som blir halden av dei vestlege delane kondenserer når dei møter den høgare delen av Andesfjella, og skaper dermed nedbør. Samtidig skaper den nordoverflytande havstraumen langs kysten, Perustraumen, fuktige og tåkede forhold nær kysten. Tregrensa er på omtrent 2400 moh. i den nordlege delen av økoregionen (35 °S), og går ned til 1000 m sør i den valdiviske regionen. Om sommaren kan temperaturen stige til 16,5 °C, medan om vinteren kan temperaturen falle under 7 °C.
Gjennomsnittlege årlege temperaturar er ganske jamne i området, spesielt ved kystnære stader der årlege variasjonar mellom lokalitetar aldri overstig sju grader.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei tempererte valdiviske skogane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.