Dawn Harper (fødd 14.
juni">14. juni 1984) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå East Saint Louis i delstaten Illinois som speisaliserte seg i 100 meter hekk. Ho vann OL-gull på korthekken i 2008, samt VM-bronse i 2011 og OL-sølv i 2012.
Dawn Harper | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. mai 1984 (39 år) East St. Louis |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Harper overraska og tok gullmedaljen i 100 meter hekk under Sommar-OL 2008 på ny personleg rekord, 12,54 sekundar. Tre år seinare fekk ho notert 12,47 sekundar då ho kom på bronseplassen under verdsmeisterskapen i Daegu i 2011. Under dei olympiske leikane i London i 2012 var ho svært nær ved å forsvare OL-tittelen ved å prestere sitt livs snøggaste korthekkløp på 12,37 sekundar, men største favoritten i tevlinga, Sally Pearson, forbetra den olympiske rekorden til 12,35 og fekk gullmedaljen med heim til Australia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dawn Harper, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.