Craonne (lokal uttale /krɑn/) er ein kommune i Aisne-departmentet i Picardie nord i Frankrike.
Craonne | |||
kommune | |||
Vegen inn til Craonne | |||
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Region | Picardie | ||
Distrikt | Aisne | ||
Areal | 8,62 km² | ||
Folketal | 77 | ||
Craonne 49°26′24″N 3°47′12″E / 49.44°N 3.7866666666667°E | |||
Wiki Commons: Craonne | |||
Craonne ligg midtvegs mellom Laon og Reims, 18,5 km sørvest for Laon. Elva Ailette utgjer ein del av den nordre kommunegrensa.
Landsbyen var åstad for slaget ved Craonne under Den sjette koalisjonskrigen, ein av Napoleonskrigane, i 1814. Han blei vidare totaløydelagd under Chemin des Dames-slaga under første verdskrigen. Den tidlegare busetnaden er i dag eit arboret, medan den nye landsbyen blei bygd i 1920-åra, sørvest for den gamle.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Craonne, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.