«SEX»
Cocaine Decisions Singel av Frank Zappa frå albumet The Man from Utopia | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1982 | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | Jazzrock, komedierock | |
Lengd | 2:56 | |
Selskap | Barking Pumpkin | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa singles-kronologi | ||
«The Man From Utopia Meets Mary Lou» (1983) | Cocaine Decisions | «Baby Take Your Teeth Out» (1984)
|
«Cocaine Decisions» er ein song frå 1983 av Frank Zappa, frå albumet The Man from Utopia. Songen vart gjeven ut som singel same året. Eit konsertopptak av songen finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3.
Zappa hadde mange antidop-songar som «Who Needs the Peace Corps?» frå We're Only in It for the Money, «Cosmik Debris» frå Apostrophe ('), «Charlie's Enourmous Mouth» frå You Are What You Is og «I Come From Nowhere» frå Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch. I motsetnad til hippiar, dopforhandlarar, ungdom og junkiar, er målet i denne songen dei rike Wall Street-direktørane, legane og advokatane. Tekstlinja «But if you are wasted from the stuff you're stickin' in it. I get madder every day 'cause what you do 'n' what you say affects my life in such a way. I learn to hate it every minute!» er retta mot Zappa sine eigne produsentar og studiosjefar.
Under ein konsert i Palermo i Italia i 1982, hadde enkelte i publikum med seg våpen og skapte eit opprør under «Cocaine Decisions» som førte til at politiet måtte bruke tåregass for å bryte ned opprøret. Zappa sa «Me spelte i ein og ein halv timemed tåregass i andletet vårt og alt anna, og då det var over var me fanga innandørs.» Opprøret inspirerte plateomslaget på albumet The Man From Utopia.
A.«Cocaine Decisions» - 2:56
B.- 3:00
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cocaine Decisions, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.